Lagar si eiga avis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

12 år og redaktør

– Eg veit ikkje kvifor eg byrja, men eg har alltid synest det har vore moro å skrive og ta bilde, seier 12-åringen når VTB møter henne etter skuletid.

Den tiande utgåva har gått ut til abonnentane, og Margit planlegg neste avis.

– Det blir om ski-VM. Ei spesialutgåve som truleg er klar i slutten av mars, informerer ho.

27 abonnentar
Den fyrste utgåva kom etter Haukelirennet i fjor. Verken foreldra, syskena eller nokon andre visste at 12-åringen jobba med eiga avis.

– Eg ville ikkje seie noko før ho var klar, seier ho.

Den fyrste utgåva gav ho til mor og far. Dei neste utgåvene fekk også dei andre i familien. Sidan har Margitposten spreidd seg, og i dag har ho totalt 27 abonnentar. Dei fleste er i Haukeli og Edland, men ho har også lesarar i Oslo, og til og med abonnentar ho ikkje kjenner.

Ho siktar mot ei utgåve i månaden. Kvar avis inneheld i underkant av 20 sider med alt frå idrett og kultur til reportasjar, konkurransar, rebusar, faktaopplysningar, småstoff og matoppskrifter.

Margit gjer alt arbeid i avisa sjølv. Ho planlegg stoff, hetnar inn saker, tek bilde og formar ut sidene på eiga hand. Sjølv om tanta er grafisk designar, har Margit lært seg det meste på eiga hand.

– Eg har det kanskje i genane, smiler ho.

– Eg skriv ofte om ting eg er på sjølv, som skirenn og konsertar. Dessutan hentar eg inspirasjon frå blad og aviser, seier den unge bladfyken.

– Det må ta mykje tid?

– Ja!

Svaret kjem ikkje frå Margit sjølv, men frå småsyskena Torunn (8) og Knut Olav (10).

– Det gjer vel det, men det er moro, legg hovudpersonen sjølv til.

Margitposten har ikkje noko avgrensa geografisk område, og Margit ber lesarane om tips og andre innspel.

Blogg
For to veker sidan starta ho å blogge, og etter berre halvannan veke toppa «frokenflothyl» blogglista i Vinje kommune.

– Eg har hatt lyst til å ha blogg lenge. Eg skriv langt og ofte. Til no har det vore mykje om VM. Bloggen er eit tillegg til Margitposten, seier ho.

12-åringen har mange interesser. Ho går aktivt på ski og spelar hardingfele. Det ser også ut til at ho har pensla ut kursen for sitt yrkesaktive liv.

– Vil du bli journalist eller grafisk designar?

– Eg har mange draumar. Det er to av dei, men eg har også lyst til å bli politi eller langrennsløpar, seier ho.

Vil overgå onkel
Etter at ho starta opp Margitposten fann ho ut at onkelen hadde gjeve ut eiga avis på 90-talet. PA-posten som blei laga av Arne O. Flothyl og Per Anders Buen Garnås hadde på det meste 168 abonnentar.

– Det hadde vore moro å overgå dei, seier Margit og smiler.

Abonnentane teiknar seg for seks månadar. Halvårsprisen er 100 kroner. Helst sender ho ut avisa på e-post.

– Det er enklast slik, men nokon ynskjer å få avisa tilsendt i posten, seier Margit.

Ho tener litt pengar på avisa, men lovar at overskotet skal nyttast i drifta av avisa.

– Eg har veldig lyst på ein Mac, og sparar til det. Då vil eg lage ein endå betre Margitposten, seier den unge avisgründeren.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!