– La fleire unge delta i politiske utval
Liv Signe Navarsete oppmodar kommunane til å la ungdom få tale- og forslagsrett i alle politiske utval.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ungdommen som vil forma framtida, og som veit best kva dei vil ha i framtida, sa kommunal- og regionalministeren då ho vitja konferansen ”Snakk med oss – så gidde me kanskje å stemma” sist fredag.
Kan gjera meir
– Kommunestyra bør vera klar over at dei har høve til å henta inn ungdomsrepresentantar i dei politiske utvala sine, seier Navarsete.
Medverknadsorgan som eldreråd og barne- og ungdomsråd kan få tale- og forslagsrett i dei komiteane og utvala som kommunestyret bestemmer.
– Det er klart dette vil gje ein heilt annan dynamikk, seier Navarsete.
Svalbard lokalstyre er blant dei få lokaldemokratia i Noreg der ungdom er representert i alle politiske organ.
LES SAKA: Der ungdom får bestemma
– Treng opplæring
Trond-Viggo Torgersen er leiar av regjeringa sitt uval om unge si makt og deltaking. Han legg vekt på at ungdom treng meir opplæring i demokrati og deltaking.¨
– Skulen har eit veldig stort ansvar for å læra opp. Eg meiner at ein skal ha demokrati i alle fag. Viss me vil at folk skal delta. Så må ein læra det frå starten av, sa han på konferansen.
– Det store prosjektet i ungdomstida er meg sjølv. Det er veldig mykje meg sjølv. Det å bli påverknadsinteressert, er ein nøydt til å læra, la han til.
E-val
Kommunalministeren meiner det er meir som kan gjerast for å bidra til at fleire unge nyttar stemmeretten sin. Lengre opningstid på valdagen er eitt tiltak. Elektronisk røysterett eitt anna.
– Me må tenkja nytt korleis me avviklar val. Eg trur elektronisk røystegjeving vil appellera meir til ungdom. Og vil samstundes auka tilgjenget for alle grupper, sa Navarsete.
Til hausten er det fire forsøkskommunar med røysterettsalder på 16 år som også skal ha forsøk med e-val.