– I utakt med ungdommen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I utakt med ungdom

Landsstyret i Unge Venstre har vedteke ein uttale der dei går inn for å kutta i støtta til folkehøgskulane og fjerna ekstrapoenga ein får for eit år på folkehøgskule.

– Me ønskjer oss eit større element av eigenfinanisering og prioritera å bruka pengane på utdanningar som gjev formell kompetanse, seier Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn.

”Ein reduksjon av dei økonomiske og dei øvrige incitamenta for å gå på folkehøgskulane vil frigjera omlag 642 millionar kroner i direkte tilskot til skulane og ytterlegare omlag 37 millionar kroner i stipendandel til folkehøgskuleelevar. Dette kunne til dømes finansiera om lag 1200 nye årsverk i skulesektoren”, heiter det i uttalen.

– Enkelte folkehøgskular, som Nansenskulen og Tonheim, har særlege funksjonar, og der kan ein sikkert diskutera finansieringa, seier Rotevatn til Framtida.no.

– Overraska
– Det er overraskande. Eg konstaterer heldigvis at dei er heilt i utakt med moderpartiet og ikkje minst ungdommane, seier leiar i Noregs kristelege folkehøgskolelag, Tor Grønvik.

Venstre, Høgre og Kristeleg Folkeparti gjekk inn for å auka talet på folkehøgskular ved sist handsaming av statsbudsjettet.

– Talet på ungdommar som søkjer seg til folkehøgskulane er aukande. I løpet av dei seks siste åra har elevtalet gått opp med 20 prosent, seier Grønvik.

Allmenndanning
Tor Grønvik meiner veksten i talet på søkjarar kan skuldast den rådande kunnskapssynet, der kunnskapen skal målast, som i Pisa og andre undersøkingar.

– Allmenndanningssynet som folkehøgskulane står for er vekke i dette synet. Me har eit mykje breiare kunnskapssyn, understrekar han.

Sist haust fekk kunnskapsminister Kristin Halvorsen ein rapport om folkehøgsskulane. Personleg modning, utvikling av sjølvverd og meistringsforventing, sosial læring og førebuing til utdanning er det viktigaste utbyttet av eit år i folkehøgskolen, ifølgje denne rapporten.

Kva meiner du? Er det fornuftig å kutta i støtta til folkehøgskulane?