Kommentator-tyranniet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentator- tyranniet

– Kommentatorane inntar ein suveren posisjon og foreslår å ha full innsikt i politikarane sitt indre liv. Det blir eit overgrep å ta på seg ei slik rolle. Dei leikar Gud som trillar ein terning, seier Martin Eide, professor i Informasjons- og medievitskap ved UiB.

Sist veke arrangerte Studentersamfunnet i Bergen debatt på Kvarteret om «kommentatorveldet» i norske aviser. Den halvfulle salen fekk høyre innlegg frå både Dagbladets politiske redaktør Marie Simonsen, Per Valebrokk i E24 og professor Eide.

Makt og frisyre
Marie Simonsen meiner at kommentatorane gjer ein viktig jobb og skapar identiteten i avisa.

– Kommentarar og leiarar er ryggraden i kvar ei avis. Dei skapar identitet og slår an tonen i avisa, meinar Simonsen.

Eit viktig tema på debatten var maktposisjonen til kommentatorane og Simonsen legg ikkje skjul på at dei har makt over lesarane, ettersom folk hentar det meste av informasjonen sin frå media.

– Me har meir makt enn me sjølv vil innrømme, men mindre enn folk trur. Me har makt til å sette dagsorden og det er ei makt me er bevisst, fordi det slår tilbake på oss om me misbrukar den, seier Simonsen.

Likevel innrømmer ho at sladder i kantina er ein del av kvardagen.

– Stortinget og regjeringskvartalet er sjølvsagt viktige kjelder. Både sladder og rykte er ein del av biletet, men først og fremst handlar det om saksinformasjon.

– Er det dykkar oppgåve å kommentere om Erna Solberg ser bra ut, eller om Jens Stoltenberg har fått ny hårsveis?

– Ikkje den viktigaste delen, men innpakning er også ein del av politikken. Dei skal selje eit bodskap og ei historie, ikkje berre eit partiprogram, seier den politiske redakøren.

– Treng analyser
Sjølv om Eide var raskt ute med å kritsere kommentatorane, meinar han likevel at ein treng desse i norske aviser.

– Norsk politikk er vanskeleg å forstå, så ein treng gode analyser og fortolkingar. Det som er irriterande er dei dårlege som forkludrar forståinga, meinar professoren.

ARE KALVØ: Slik får DU deg ein god latter

Sjølv om dei gode innlegga varierar frå medium til medium, trur ikkje Eide at rolla deira er uvesentleg, men at kommentatorane ofte er for sikre i si sak.

– Dei trur det er heilt nødvendig å fortolke, og ikkje la politikarane få snakke direkte. Dei trur at det verste som kan skje er at makthavarane snakkar direkte til folket, seier Eide.

Kritiske konsekvensar
Torbjørn Røe Isaksen, stortingsrepresentant i Høgre, er også lei av dårleg fortolking.

– Kommentarane blir i stadig større trekk brukt som dommarar, og det kan verke som om det tabloide verkemiddelet blir brukt fordi ein ikkje har god nok innsikt i saka, meiner Isaksen.

Han er heller ikkje glad for utviklinga som har skjedd innanfor kommentariatet dei siste ti åra, der han meiner at ein har gått frå å kommentere det politiske innhaldet til å gi terningkast.

– Eg synst det er litt småabsurd når det kjem kommentatorar som seier kva som egentlig blir sagt. Måten kommentatorane blir brukt på gir ein meir showprega politikk og går vekk frå det eigentlege innhaldet. Det blir ofte mangel på god tabloid journalistikk som fokuserer på sak, meiner Røe Isaksen.

Han meiner at form er viktig, men at det har fått for stor plass i media.

– Det er ikkje uvesentleg å kommentere form, men det handlar å balansere mellom form og innhald, og eg synst sistnemnte har fått for liten spalteplass, seier han.

Konsekvensane av dette kan vere kritisk, meinar Røe Isaksen.

– Viss den politisk journalistikken blir for opptatt av spel og spetakkel, betyr det at veljarane ikkje får nok grunnlag til å velje riktig parti, hevdar stortingsrepresentanten.

LES SAKA I STUDVEST!