Kampen mot karbonet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor er det ønskeleg å fange og lagre CO2?

Karbondioksid absorberer ein del av den infraraude varmestrålinga frå jordoverflata. CO2 bidreg med det til å avgjere temperaturen til atmosfæren. Forbrenning av fossile brennstoff som olje, gass og kull i kraftproduksjon og industri gjev utslepp av CO2, noko som ifølgje klimamodellane fører til global oppvarming. Difor er det ønskeleg å kunne redusere utsleppa, ved blant anna CO2-fanging og -lagring – såkalla «carbon capture and storage».

Korleis blir CO2 fanga?

CO2 kan fangast i fleire ulike samanhengar, spesielt i samband med fossile stoff. Når det til dømes blir utvunne naturgass, har han i utgangspunktet for høgt CO2-innhald til at han kan seljast og bli brukt, og må difor reinsast. Prosessen minner om ein kjemisk forsterka destillering, der løysemiddel blir brukt til å først ta CO2 ut av lufta. I neste steg blir løysemiddelet varma slik at CO2 kan skiljast ut.

Kva går lagring av gassen ut på?

CO2 blir pumpa tilbake ned i geologiske reservoar, som består av sand med saltvatn mellom sandkorna, i bakken eller under havbotnen, der han kan lagrast i mange tusen år. Trykk gassen blir utsett for ved 800 meter djup eller meir, vil endre han til ein såkalla superkritisk væske, som lettare forhindrar utslepp til overflata. CO2 kan òg pumpast ned i reservoar med eksisterande råolje og naturgass for å auke produksjonen.

Kor i Noreg har ein i dag reinsing og lagring?

Heilt sidan 1996 har naturgass blitt reinsa for CO2 i Noreg. I dag er det reinsing frå Sleipner-feltet i Nordsjøen, der gassen blir lagra i det såkalla Utsira-reservoaret, og frå Snøkvit-feltet i Norskehavet i Tubåen-formasjonen. På Mongstad er det planlagt å etablere eit fullskala fangstanlegg for CO2 i eksosgass frå varmekraftverket og andre utsleppskjelder på raffineriet, den såkalla «månelandinga».

Kan CO2 òg sjåast på som ein råvare i staden for eit avfallsstoff?

Karbondioksid blir allereie brukt i matproduksjon, men denne marknaden er ikkje uendeleg, og det er snakk om store mengder CO2 som blir utvunne frå blant anna kraftproduksjon. Om ein skulle nytte seg av gassen i produksjon av noko, måtte krafta som vart produsert i utgangspunktet, der CO2 blir skilt ut som avfallsstoff, bli brukt til å kunne produsere noko av karbondioksidet, og ein er like langt.

Kva for ulemper finst ved deponering?

Det er i utgangspunktet ikkje farleg, og heller ikkje vanskeleg å lagre CO2 i berggrunnen. Teknologien med å pumpe CO2 inn i oljereservoar er òg kjent, og har vorte nytta i fleire tiår rundt om i verda. I tilfelle der CO2 likevel må skiljast ut for at naturgassen skal kunne seljast, finst det i prinsippet heller ingen ekstra kostnader for reinsinga. Det som er utfordrande er å fange gassen frå kraftverk. Lekkasjar til atmosfæren frå eit lagringsreservoar kan naturleg nok oppstå, men det vil likevel vere mykje betre enn alternativet, som er å sleppe ut all gassen. Hovudutfordringa på lagring er dermed å betre forståinga av kva som er eit sikkert lagringsreservoar, og korleis å nytte det tryggast og mest økonomisk.

LES SAKA I STUDVEST!

LES OGSÅ: Ungdom krev drastiske klimakutt

Faktaboks

* Gasskraftverket ved Mongstad er meint å forsyne heile anlegget inkludert plattformar med straum og varme.
* I 2006 vedtok regjeringa at det skal etablerast eit fullskala CO2-fangstanlegg som skal kunne reinse eksosgass frå kraftverket og utslepp frå raffineriet. Anlegget skal etter planen stå ferdig i 2014, men blir truleg utsett grunna fleire oppståtte problem.
* Det ferdige reinseanlegget vil bli verdas første i sitt slag, derav namnet «Månelandinga».
* I 2007 blei Europeisk CO2-testsenter Mongstad (TCM) etablert som første trinn i «månelandingsprosessen». Her blir det forska på to teknologiar som kan brukast i det ferdige fangstanlegget.