Kjenner seg dolka i ryggen

Rundt hundre demonstrantar møtte utsendingar til Hordaland Arbeidarparti sitt årsmøte i Ulvik.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kraftlinjedemonstrasjon ved opninga av Ap sitt fylkesårsmøte i Ulvik. Foto: Sigrid Seim

Kraftlinjemotstandarar frå Ulvik og Granvin heldt ein stille protest framfor inngangen til kongresshallen på Brakanes laurdag føremiddag. Her skulle Ap-utsendingar frå heile fylket møtast.

Gjev ikkje opp
– Me vil visa at me ikkje har gjeve opp, seier Vilde Hamre, leiar i Hordaland Ungdomsråd.

Aksjonen er kome spontant i stand av aktivistar, får me opplyst.

– Me reknar ikkje med å oppnå så mykje, men vil gjerne også visa kor skuffa me er over Hordaland Ap, legg ungdomsrådleiaren til.

– Håpet er at endå fleire ser at kraftlinjevedtaket byggjer på sviktande grunnlag.

Politi på sidelina
I samband med aksjonen var det sterkt politiframmøte, med fem uniformerte tenestemenn og –kvinner.

– Me har fått meldingar om at nokon hadde varsla litt trøbbel, på Facebook, seier politibetjent Kjell Fester.

– Men dette ser ut til å gå veldig fint, understreka han.

Jazz-opning
Inne i møtesalen kunne årsmøtet starta heilt etter planen, til liflege tonar frå jentegruppa ved Voss jazzskule. Forsamlinga er ikkje ukjent med markeringar av denne typen når dei møtest, lyder kommentaren «Hordaland» får.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Trur du enno det er mogleg å unngå kraftmaster i Hardanger?