Norsk miljøkol på Svalbard

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kol er grunnlaget for all moderne sivilisasjon. Då den industrielle revolusjonen tok til rundt 1800, hadde Storbritannia kolreservar tilsvarande den mengda olje som ligg under den saudiske ørkenen i dag. No er Storbritannia praktisk tala tom for drivverdige kolreservar. Før den fyrste dampmaskina vart teken i bruk i dei engelske gruvene, stod folketalet i verda meir eller mindre stilt. Sidan James Watt patenterte maskina si i 1769, har folketalet stige fjorten gonger. Frå 1769 til 2006 har kolforbruket gått opp 800 gonger.

Der folk tek i bruk kol, kjem velstanden etter, tenkjer eg der eg ligg i gruvevogna på veg inn i Gruve 7 i Longyearbyen på Svalbard, Spitsbergen. Og, viser all gransking, verdssamfunnet må taka ut stadig meir kol i framtida, og om vi må taka ut stadig meir kol, må vi finna stadig meir kol, slik Store Norske held på med på Spitsbergen.

LES FLEIRE ARTIKLAR FRÅ SVALBARD!

Snorre Olaussen er petroleumsgeolog og forskingssjef ved Universitetssenteret på Svalbard. Olaussen freistar å finna metodar for å lagra CO2, og vi skal få høyra meir frå han i neste nummer av Dag og Tid

– Trur du det finst ei framtidig verd utan at manneætta brenner kol?

– 40 prosent av den energien vi nyttar i dag, kjem frå kol. No er framtida så mykje, men lat oss seia at vi talar om to hundre år fram i tid. Vil vi vera utan kolbrenning då?

Nei, ikkje om vi ikkje finn lurium.

Ingen alternativ
Eg er som nordmann altså nokså nøgd her eg i ligg gruvebilen som med stor fart køyrer oss gjennom dei tronge gruvesjaktene. Også kol har den gode Gud gjeve oss. Rett nok er Gruve 7 i utgangspunktet berre ei gruve for lokal bruk, ho leverer ein tredjedel av kolet til det vesle kraftverket i Longyearbyen, og to tredjedelar eksporterer Store Norske til den tyske bilindustrien, som nyttar det i verdssamanheng eksepsjonelt energirike kolet i kjemiske prosessar. Men det samla uttaket per år er berre 60.000 tonn. Tenk likevel på Gruve 7 neste gong du ser ei motorblokk i aluminium frå BMW; blokka er støypt på norsk kol.

Alt no har eg vel hissa opp miljøvernarane mellom lesarane av Dag og Tid, og eg skal difor ikkje trøytta desse med tekniske detaljar om korleis kolet vert teke ut. Men det er som eg høyrer det: «Kol er gårsdagens energiform, kol må bort, kol øydelegg verda, og vi må satsa på fornyeleg energi.»

Vel, lat oss leggja desse argumenta daude med ein gong. Fornyeleg energi er ikkje heile framtida, det er ikkje eingong litt av framtida; fornyeleg energi er i høgda eit supplement til kol, som reelt sett berre har eitt alternativ, nemleg atomkraft, som skal få liggja.

Dette er berre eit kort utdrag av artikkelen. Heile teksten finn du i papiraviva til Dag og Tid.