Seier ja til lyntog

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette viser ei stor undersøking om haldningane til lyntog i Noreg, først referert i Aftenposten i dag.

– Dette viser at det er eit veldig stort passasjergrunnlag for høgfartstog i Noreg, seier leiar for utgreiinga av høgfartstog i Noreg, Tom Stillesby til Aftenposten.

80 prosent av dei spurte vil reisa mellom Trondheim og Oslo viss prisen blir den same som tog. 70 prosent vil reisa viss prisen er den same som fly. Dei same tala er for strekninga Bergen og Stavanger.

LES OGSÅ: – Eg skal ta lyntog frå Høydalsmo til Skien

Mellom Bergen og Oslo er det høvesvis 65 og 70 prosent som vil nytta seg av tog, alt etter kva billettprisen blir.

Ifølgje Norsk Bane vil reisetida mellom Oslo og Bergen og Stavanger vera på under to og ein halv time.

Sjå reisetidene her!

Utgreiinga i regi av Jernbaneverket skal vera ferdig 1. februar 2012. Då skal ein sjå på strekningane Oslo-Trondheim, Oslo-Kristiansand-Stavanger, Oslo-Bergen, Bergen-Haugesund-Stavanger, Oslo-Stockholm og Oslo-Göteborg.

Informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS seier til Aftenposten at ein ikkje kan samanlikne lyntoga i framtida med dagens flytrafikk, fordi flya vil koma til å bli klimanøytrale før eventuelle høgfartsbanar står ferdigbygde.

Kunne du tenkja deg å reisa med lyntog i Noreg?