Frikøyring frå Sogn på tv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Programmet var eigentleg sett på sendeplanen førre fredag, men grunna tekniske problem vart det utsett til fredag 4. mars.

I programmet får du sjå dei beste frikøyrarane i landet kasta seg utfor austsida av Frudalshesten, med lokale køyrar som Henrik Langeland og Steinar Nes i to av hovudrollene.

Toppkarakter
Første runde av den norske frikøyringscupen fekk toppkarakter av deltakarane, både for forholda på austsida av Frudalshesten og for gjennomføringa av arrangementet, skriv arrangørane i ei pressemelding.

– Det er all grunn til å tru at me får sjå spreke saker på fjernsynet denne kvelden. Det var ein del av deltakarane som droppa utfor dei største stupa i området. Og så var det mykje fin og spektakulær køyring, seier Per-Odd Grevsnes i organisasjonen Sogndal Frikøyring.

Arrangementet stadfesta Sogn sin posisjon som eit av dei aller fremste frikøyringsområda i landet. Ifølgje domar Per Mundhjeld baud tevlinga i Sogndalsdalen på dei beste forholda nokon sinne i den norske frikøyringscupen sin historie.

– Lista er lagt svært høgt for dei komande rundane, seier Per Mundhjeld.

Lokale heltar
Torkjell Solbraa frå Sogndal stod for ein aldri så liten sensasjon då han køyrde seg heilt til topps i telemarkklassen, med fin flyt både under kvalifiseringa fredag og i finaleomgangen laurdag.

Henrik Langeland, også han sogndøl, hamna på andreplass i den tøffaste og mest prestisjefulle alpin-klassen, etter strålande skisigling og tøft linjeval i finalen.

Asbjørn Eggebø Ness, tidlegare Sogndal-student, var best av alle takka vera køyringa i kvaliken då han slo til med baklengs salto før han forserte eit av frudalsstupa på meisterleg vis.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Vignett Oppdrag Sognefjorden from Flash Studio on Vimeo.