Tek master uansett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga Kompetanse 2020 har blant anna sett på behovet for høgare utdanning i framtidas arbeidsmarknad. Rapporten slår fast at lågare grads økonomi- og administrasjonskandidatar er den gruppa som vil bli etterspurt mest i arbeidsmarknaden dei neste 20 åra. Likevel tek dei fleste bergenskandidatane innanfor feltet master.

– Du får deg jobb med bachelor, men du får ikkje den jobben du vil ha, seier Torje Hegna og Martin Olsen, bachelorstudentar i økonomi og administrasjon ved Noregs Handelshøgskole (NHH).

Dei to førstekullsstudentane kjenner ikkje til nokon medstudentar som har gått ut i jobb etter enda bachelor.

– Den generelle holdninga er at du tek master. Med mindre du får eit sabla godt jobbtilbud før du er ferdig med bacheloren då, seier Olsen.

Klar tendens
Eivind Drange, rådgjevar ved NHH stadfestar tendensen som blir framsett av økonomistudentane.

– Rundt 90 prosent av dei som gjer ferdig bachelor her, fullfører òg mastergraden. I tillegg tek vi kvart år opp cirka 130 eksterne kandidatar til master i økonomi og administrasjon, seier han.

Mange av dei eksterne kandidatane som blir teke opp ved NHH kjem frå Høgskolen i Bergen (HiB). Instituttleiar for økonomi og administrasjon Terje Simonsen meiner det ligg i tida at stadig fleire studentar ynskjer å ta meir utdanning etter endt løp ved HiB.

– Med ein bachelorgrad frå HiB, litt avhengig av kva for ein fordypning du tek, skal du kunne gå rett ut i arbeidslivet. Vi regnar likevel med at minst halvparten av dei som gjer ferdig bachelor hos oss fortset med studium, mange av desse ved NHH, seier han.

Får jobb med bachelor
Stig Arne Nilsen er distriktssjef i Visma Services, og leiar om lag 100 tilsette, der mange har økonomisk-administrativ utdanning. Han fortel at det ikkje er avgjerande med fem års utdanning når firmaet hans tilset nyutdanna.

– På intervju ser vi først og fremst etter talbehandlingsevne, og ikkje teoretisk kunnskap. Vi er veldig nøgde med dei bachelorkandidatane vi har tilsett, seier han.

Mona Lavik Sletta, avdelingsleiar for Adecco Finans & Juridisk Bergen, leiar dagleg omlag 250 arbeidstakarar fulltid og deltid innan økonomi, regnskap og finans. Flesteparten av desse har bachelorgrad.

– Vi vil ha den rette kandidaten. Det går på typen person, kva for ein arbeidserfaring og kva for krav og ynskjer dei har. Eg er ikkje kjempeopptatt av kva for eit utdanningsnivå dei har, seier ho.

Men ikkje alle
Det er likevel ikkje alle stader bachelorstudentane er like velkomne. Jon Haugervåg leiar revisjonsavdelinga ved PricewaterhouseCoopers i Bergen, og fortel at dei stort sett berre rekrutterer masterstudentar, fortrinnsvis frå NHH.

– Vi ser at masterstudentane har ei større breidd, og at dei har gjennomgått ein modning gjennom studiet som gjer at dei fortare kjem opp på eit godt nivå hos oss, seier han.

Dette kan passar dei to førstekullsstudentane ved NHH godt.

– Folk likar å studera òg. Det er mange som ikkje føler seg ferdige etter tre år, seier Hegna

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!