Sterkt kritiske til reinse-utsetting

Men glade for at regjeringa opnar for reinsing av gasskraft fleire andre stader.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Rein svindel på Monstad

Måndag kveld vart det klart at avgjersla om investering i fullskalaanlegget for CO2-fangst og lagring på Mongstad-anlegget ikkje lenger skal takast i 2014, men blir utsett til 2016.

Natur og Ungdom reagerer kraftig.

– Regjeringa er med på å gje CO2-fangst eit dårleg rykte. Det er eit tungt ansvar å bere all den tida vi er avhengig av å lukkast med dette for å løyse klimaproblemet, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom.

– Trekk tilbake utsleppsløyvet
Gasskraftverket på Mongstad har i dag utsleppsløyve til 2014. Med avgjersla frå regjeringa er det endå meir usikkert om og når gasskraftverket vil vera reinsa. No krev Natur og Ungdom at utslettsløyvet for gasskraftverket blir trekt tilbake.

– Gasskraftverket på Mongstad spyr ut enorme klimagassutslipp. Klimaet i verda toler ikkje at regjeringa får fortsetja å kløne det til på Mongstad endå lenger. No må gasskraftverket stengast fram til eit reinseanlegg står klart, seier NU-leiaren.

– Rein svindel
Det er utryggleik rundt helseeffektane av utslepp av amin frå eit fangstanlegg som er bakgrunnen for at regjeringa vel å utsetja avgjersla om å leggje på bordet pengane som trengst for å gå vidare med prosjektet.

– Det luktar ikkje godt av dette. Regjeringa fråskriv seg nok ein gong ansvaret for Mongstad-prosjektet, avsluttar Elvevold.

LES OGSÅ: Fritt fram for luftbaronar

– Viss Mongstad skal utsetjast endå ein gong på grunn av påstandar om kreftfare er det ein rein svindel, seier Bellona-leiar Frederic Hauge i ei pressemelding.

Han viser til kjende internasjonale forskarar som seier det allereie finst betydeleg røynsle med reinseteknologi basert på amin som Statoil må ha sett bort frå.

Bellona reagerer sterkt på at norske styresmakter ikkje har brukt eigne fagekspertar, men stolt på vurderingane til Statoil åleine.

Positiv til fleire reinseanlegg
Regjeringa opnar for at andre aktørar kan drive CO2-reinsing andre stader enn på Mongstad, ifølgje ei stortingsmelding som blir lagt fram i morgon. Dette melder Stavanger Aftenblad.

– Det er i seg sjølv positivt. Men det må vera heilt tydeleg at dette ikkje skal koma til erstatning for reinsing av Mongstad, seier NU-leiar Ola Skaalvik Elvevold.

– Skal ein få nok erfaring, er det viktige å få fleire fangstanlegg. Men då må ein også ta med læredommane frå Monstad. Ein kan ikkje la Statoil styra showet frå starten av, legg han til.

GÅ TIL TEMA-SIDENE VÅRE OM KLIMA!

Faktaboks

Då regjeringa vedtok utbygginga av Mongstad i 2006 vart det avgjort at kraftverket alt frå oppstarten i 2010 skulle få eit testanlegg som skulle reinsa 100.000 tonn CO2 i året. Testanlegget skulle fungera inntil eit fullskala reinseanlegg etter planen vil vera på plass før utgangen av 2014.

Dette vart rekna som ein viktig føresetnad for at SV gav støtte til utbygginga.

Utsleppa frå testanlegget skal kompenserast ved at staten kjøper kvoter for utsleppa fram til heile Mongstad-reinsinga er på plass.

Sjå video frå testanlegget: