Kom til kort
Prøver på nytt rekordforsøk neste år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Viljen til å setja noregsrekord var sterk, men det vart berre krinsrekord.
Veka hadde sett seg friskt mål i spooning, å liggja tett i tett, eller skeiing på godt nynorsk. Å slå Uka i Ås sin rekord på 537 personar. Teljinga viste at berre 87 personar deltok i rekordforsøket, eit langt akademisk kvarter etter kl. 12 på laurdag.
Dårleg oppslutnad
Vekasjef Andreas Mácsik hadde gått ut og oppmoda alle å vera med på å setja Sogndal på kartet i spooning.
SJÅ BILETSERIE FRÅ VEKA I SOGNDAL!
Diverre var det langt frå mange nok, små og store, som følgde oppmodinga om å møta fram i andre høgda på Storsenteret.
Ung innsats
– Spennande. Me har aldri vore med på noko slikt før, smiler venene Emil og Håkon, tett saman.
Dei er absolutt dei yngste som ligg på golvet, og gjer sitt for for at sogndalsstudentane skal greia å slå Ås-rekorden.
Eit friskt forsøk var det, til inntekt for kreftforeningen.
– Det er første gong me har prøvd å setja rekord, så til neste år vert det 600. Me ser på dette som ei god oppvarming. Det er i alle fall ny rekord i Sogn og Fjordane, så til neste år vert det minst 600 som spoonar, seier Vekasjefen til Sogn Avis.