Dystert og muntert om døden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Teikneserie frå ein tidsepoke har vore tema for andreklasseelevane ved formgjeving på husflidsskulen på Voss. Resultatet er fleire striper med gode poeng og fin strek.

Elevane i andre klasse ved formgjeving fekk ei tverrfagleg oppgåve og lage ein teikneserie ut frå ein spesiell tidsepoke Resultatet er vorte flotte teikneseriar med gode historier.

Først studerte elevane dei ulike epokane for å få historia mest mogleg riktig når det gjaldt klestil og andre ting. Deretter måtte dei finna på historiene og så teikna.

SUSANNE TVEITERÅS: Har latt seg inspirera av Manga teikneseriar.

– Det er viktig og laga ei historie og formidla det på ein måte som folk forstår. Tveiterås har laga ei forteljing om Svartedauden og middelalderen.

– Først måtte me finna så mykje som mogleg om tidsepoken, deretter skrive ned historia. – Eg les mykje teikneseriar til dagleg.

TORA MØEN: Har laga teikneserie om bronsealderen og kalla den for Marerittet.

– Eg veit ikkje heilt kvifor eg laga det slik, men det berre kom til meg.

– Det kjekkaste var når me fargela serien i photoshop, seier Tora. – Det vanskeligaste var og finna på ei historie

ANITA UKVITNE: Har laga serie om eit sjømonster.

– Først teikna me for hand, før me laga serien på teiknebrett og fargela til slutt.

– Dialog er ikkje så viktig, det viktige er å få liv og volum i serien.

– Alle epokane me har laga teikneserie om er ganske mørke og historiane er dystre.

INGRID VETHE HERNES: Har laga teikneserie om dødsbæra. Ein mann går for å finna noko å eta og kjem attende med raude bær. Resultatet er at han og dei som et dei, døyr.

– Me skulle lage ei side og det er første gongen eg gjorde noko slikt.

SANDRA SOOMRE: Har laga teikneserie om eit barn som forsvinn, men heldigvis vert det ein lukkelig slutt.

– Det kjekkaste var å fargeleggja og med teiknebrettet kunne me leggja skuggar og andre ting for å få liv i serien.  

SJÅ NOKRE AV STRIPENE I AVISA HORDLAND!