Vinterleg moro på isen
Prisar vinteren med ekstrarundar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka har bilentusiastane køyrt måndag og tysdag og satsar også på å køyra i kveld (onsdag). Med vêromslag i sikte, gjeld det å nytta tida – torsdag er høgst usikker.
Til liks med opplegget førre vinter er det Ronny Teigen som står i brodden, både som grunneigar og bilmann. I tillegg har han bror sin, tre blad Thorsen og Øystein Eikeland med på laget. Banen er 200 meter lenger enn førre vinter og måler om lag ein kilometer.
– Me er takksame for at kommunen og politiet er positive til aktiviteten, seier Teigen som understrekar at det er søkt om løyve.
Kvinnheringen var nedom isbanen på Opsangervatnet ved Husnes tysdag kveld då åtte bilar var i sving. To og to i slengen, av tryggleiksomsyn. Medan det i fjor var langt mellom bilane med rallypiggar, køyrde seks bilar med slike spesialdekk denne kvelden.
– Dekk med rallypiggar kostar fem-seks tusen nye, men me kjøper brukte til mellom 500 og 1000 kroner per stykk, fortel Ronny Teigen.
Dei som ønskjer det får køyra, men alle må avtala med Ronny Teigen på førehand.
– Og for dei som køyrer med rallypiggar stiller me krav om hjelm og veltebøylar, seier Teigen.