Tobin-skatt, eller Robin Hood-skatt som han også vert kalla, er ein svært solidarisk liten skatt.

Skatten går ikkje utover vanlege folk sine lommebøker, men kan likevel syte for milliardar til å kjempe mot global fattigdom, betale for klimakrisa og stoppe velferdskutt dersom han blir innført globalt.

Kort forklart er dette ein liten skatt på handel med valuta, aksjar og andre verdipapir, som kan bidra til å regulere den internasjonale finansmarknaden, redusere dagens valutaspekulasjon og gje milliardinntekter som kjem låginntektsland til gode. Ideen bak skatten er å få finanssektoren til å vere med på å betale rekninga for finanskrisa, og bidra til reell omfordeling som tek frå dei rike og gjev til dei fattige. Difor har han fått namnet etter Robin Hood. AUF meiner det er heilt på sin plass at finanssektoren skal ta sin del av rekninga, spesielt når ein ser at fleire storbankar går med store overskot, og delar ut bonusar til sine tilsetje berre nokre få månadar etter dei måtte bli redda av skattebetalarane sine pengar. Dette såg vi mellom anna med amerikanske Goldman Sachs.

På dei globale finansmarknadane vert det dagleg handla med verdipapir og valuta til ein verdi av 70 gongar meir enn verdien av det som dagleg vert produsert i verda. Det gjer at sjølv ein liten promille i skatt på desse transaksjonane vil gje enorme inntekter for fellesskapet, som til no har teke rekninga for finanskrisa, og difor har store budsjettunderskot. Dette har ført til kutt i offentlege tenester, lønnskutt, auka arbeidsløyse og auka fattigdom. Med andre ord har redningspakkane frå staten til bankane gått utover vanlege folk, og dette meiner AUF er urettferdig. Vi, og mange med oss meiner at Robin Hood-skatten bør innførast for at også finanssektoren kan bidra til rettferdig fordeling og gje litt til dei som har minst frå før. Finanssektoren har tent stort på globaliseringa, og då er det naturleg at dei overførar ressursar til dei som ikkje har tent, men direkte tapt, på globalisering.

LES OGSÅ: Robin Hood sikta mot Børsen

Utrekningar syner at ein skatt på 0,005% på valutahandel og 0,05% på aksjar og andre verdipapir vil kunne gje fellesskapet ein inntekt på 400 milliardar dollar i året ! Det seier noko om den enorme storleiken på finanshandelen, og at dette ikkje vil vere ein skatt som rammar vanlege folk sin bruk av banktenester. AUF meiner at desse pengane skal gå til global omfordeling gjennom eit utviklingsfond under FN. Fondet sine midlar skal nyttast til å kjempe mot fattigdom, gjennomføring av Tusenårsmåla, og naudsynte bidrag ved humanitære katastrofar. Ved å legge fondet under FN, sikrar ein at pengane faktisk kjem fellesskapet til gode.

Sentrale EU-land som Frankrike og Tyskland støttar no ein global skatt på finanstransaksjonar, og har sett dette på dagsorden i EU og G20. Fleire andre land har også erklært sin støtte til ein slik skatt. Noreg kan spele ei viktig rolle ved å setje internasjonalt press på andre land, for å få flest mogleg til å vere for ein slik skatt. Robin Hood-skatten vil fungere best om han vert ein global skatt. I tillegg bør Noreg snarast innføre skatt på handel med all norsk valuta og ein liten skatt på handel på Oslo børs. Dette vil både gje inntekter i kampen mot fattigdom, og vere eit godt døme for andre land. Andre land har gjort det før oss, til dømes har børsen i London lenge hatt ein tilsvarande avgift på 0,5%.

AUF er ein av mange som seier ja til meir solidaritet, rettferdig fordeling og meir velferd. Difor seier vi også eit klårt ja til Robin Hood-skatt, og vonar resten av verda vil gjere det same!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

Kommentarar

ANNONSE