– Eg var skikkeleg nervøs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pål Varhaug er endeleg heime etter nokre hendingsrike døgn i den arabiske øystaten.

Eigenleg skulle formelkøyrar Pål Varhaug ha køyrt det tredje løpet i GP2 Asia i Bahrain i helga. I staden måtte han torsdag kveld rømme landet. Fredag ettermiddag landa han på Sola.

Me møte Pål Varhaug på jobben til far Jardar Varhaug. Ein sliten ung mann kjem inn og legg seg på sofaen.

– Eg er så forferdeleg trøytt. Har no vore oppe i halvanna døgn utan å sove. Vi måtte rømme direkte frå banen og ut til flyplassen, fortel Pål.

Den første dagen (tysdag) fortel Pål at alt var roleg, og dei såg ikkje noko til opprøra.

Plyndring av kjøpesenter
– Me var på marknadsplassen og i eit stort kjøpesenter inne i hovudstaden Manama. Me åt middag og handla. Den påfølgjande natta vart kjøpesenteret raidet av opprørarane og tømt for alt som var av verdi. Då me var der dagen før, låg det både gull, diamantar og dyre klokker der til utstelling. Alt vart stole, seier Pål.

Opprøra samla seg på Perleplassen, der det òg var stasjonerte antiterrorpoliti på kvart gatehjørne. Men heile teamet tok sjansen og gjekk ut for å ete tysdag kveld. Teama fekk melding frå hotelleiinga om at det var farlegare ute på gata no ein tidlegare, og at dei gjekk ut på eige ansvar. Det var fleire team som valde å berre vere på hotellet.

Vakna av eksplosjonar
– Den natta vakna eg at fleire eksplosjonar i gata på motsett side av hotell der eg budde. Eg høyrde òg skot bli avfyrt, og sjokkgranatar eksplodere som vart brukt av politiet mot demonstrantane. Eg var ikkje direkte redd, men tankane byrja jo å svirre litt, medgjev Pål.

Morgonen etter kom meldinga frå Formel 1-sjef Berni Eklston at det ikkje vart noko trening på banen denne dagen. Grunnen var at sjukehuset var fylt opp med daude og såra frå natta si opptøyar, og alt helsepersonell hadde henda fulle. Utan ambulansar, redningshelikopter og leger kan det ikkje køyrast eller blir trena formelbil. Slik er reglementet.

– Men me var ute på gatene og gjekk litt rundt den andre dagen vi var der òg. Om kvelden fekk vi same melding frå hotelleiinga om å bli på hotellet, men vi kunne gå ut viss me følte oss trygge. Vi var ute og åt onsdag kveld òg, fortset Pål.

Hundrevis av tanks
Teamleiinga i DAMs-teamet hadde heile tida kontakt med Formel 1-sjef Eklston. Etter frukosten torsdag kom meldinga frå teamsjefen i DAM sin.

"No er det vorte så pass farleg utefor dørene at vi har fått melding om å evakuere til banen. De må pakke koffertane deira og ta med alt. Det er ikkje sikkert vi kjem oss hit igjen."

– Kjente du nokon frykt?

– Ikkje dei to første dagane, men den tredje dagen då vi skulle ut til banen, vart eg skikkeleg nervøs. Vi såg hundrevis av tanks som hadde kome over den fire mil lange brua (Al Khobar) frå Saudi Arabia. Då forsto vi alle alvoret i situasjonen, fortel Pål Varhaug.

Då teama var kome ut til formel 1-banen, som er bygd midt i ørkenen mellom Manama og flyplassen, vart det nok ein gong gjeve kontrabeskjed. Pakk saman og røm til flyplassen. Alle må heim frå Bahrain så fort som berre mogleg.

Kunne vorte stygt
– Då var det berre å organisere transport til flyplassen som låg på andre sida av Manama. Me la om ruta slik at vi klarte å køyre utanom byen. Det gjekk fint. Men slik det ser ut no, var det på høg tid vi kom oss ut av landet. Det kunne vorte skikkeleg stygt, avsluttar Pål Varhaug.

Det blir ingen omkøyring av løpa Pål Varhaug gjekk glipp av denne helgenen. Dei er sletta frå lista. Onsdag blir det sannsynlegvis avklart om og når dei to siste løpa skal køyrast. Eigenleg var det på same bane, men ingen veit enno kva som skjer.

LES SAKA PÅ GBNETT!