Vil ha Bergen som eige fylke

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På årsmøtet til Bergen Høyre i helga var alle samde om at dei vil fjerna Fylkesmannen og gjera Bergen om til eige fylke.

– Me ønskjer å få ei prøveordning med fylke utan Fylkesmann, og at Hordaland fylke skal vera eit av desse, seier Harald Victor Hove til NRK.

Lokallagsleiaren meiner Bergen og Oslo har dei same føresetnadene for å styra sjølv.

Harald Victor Hove kjem også med kritikk til fylkesmann og tidlegare venstreleiar Lars Sponheim.

– Lars Sponheim har gjennom veremåten som fylkesmann vist korleis embetet ikkje fungerer. Skal fylkesmannen overprøva alle saker me vedtek lokalt, kan me like godt avlysa valet 12. september allereie no, seier Hove.

Kva meiner du om utspelet? Treng Noreg fylkeskommunar?