Framtidsbil gav finalebillett

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er gledeleg overraska og stornøgde med at me klarte å nytta den kunnskapen me har til å finna ei løysing på oppdraget, seier Stian Skjelberg på vinnarlaget til UE.no.
140 realfagselever frå Vestfold hadde sist veke ein litt forskjellig skuledag: Med topp kompetente vegleiarar frå fagområde som raffineridrift, kjemiteknikk, teknisk tryggleik, transport og forsyning skulle elevane utforma ein høgeffektiv framtidsbil.

Oppdraget frå ExxonMobil omfatta òg å rekna ut motorkraft, reduksjon i CO2 og utforma design for bilen for å tiltrekkja nye kundar.

Vinn med realfag
– Utdanning med kombinasjonen realfag og entreprenørskap kjem til å vera ein sikker vinnar i arbeidsmarknaden i framtida. Eg håpar elevane som har delteke på Sci-Tech Challenge ser kva for spennande høve som ligg i å velja realfag, seier Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Noreg.

Møter andre realfagselevar
Sci-Tech Challenge er ein del av ExxonMobil’s globale initiativ for å fremja utdanning og motivera elevar i vidaregåande skule til å velje realfag.

ExxonMobil har drifta eit ”Math and Science” prosjekt i USA i fleire år med stor suksess og har sidan 2010 køyrt tilsvarande prosjekt i Europa. I finalen i Brussel i april vil Sandefjords-elevane og elevar frå Randaberg vgs. i Rogaland møta realfagselevar frå Tyskland, Nederland, Frankrike, Belgia og Storbritannia for nye realfaglege utfordringar.