Kvelertak fekk Statoil-stipendet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stipendet blei delt ut under by:Larm i Oslo i kveld, men sidan Kvelertak for tida er i Finland, takka dei via Skype.

– Dette er heilt absurd! Desse pengane kjem sjukt godt med. Takk til plateselskapet vårt Indie, og ein million takk til fansen og alle som har jobba for oss, sa dei stolte vinnarane.

Vokalist Erlend Hjelvik frå Vikedal og gitarist Bjarte Lund Rolland frå Etne starta hardcore/metal-bandet Kvelertak i Stavanger i 2007, og spelte på by:Larm for første gong i 2009. Bandet kom på andreplass i Urørtfinalen 2010, og gav ut debutalbumet Kvelertak i juni same år.

GÅ TIL MUSIKK-SIDENE VÅRE!

I fjor var Kvelertak på sin første europaturné.

Etnejente nominert
– Juryen kunne ikkje oversjå at Kvelertak i særklasse merkar seg ut blant dei nominerte, og er på trappene av eit internasjonalt gjennombrot, sa juryleiar Knut Schreiner.

I tillegg til Kvelertak var etnejenta Anne Lise Frøkedal blant dei ti nominerte. Ho er frontfigur i Harrys Gym og makker med Frode Strømstad i I Was A King.

Statoil-stipendet har i år har auka frå 800.000 til ein million kroner. Pengesummen skal hjelpa norske artistar til eit internasjonalt gjennombrot og er det største i sitt slag i Noreg.

LES SAKA I GRANNAR!