Det kjem til å gå til helvete

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste dagane har ski-VM i Oslo blitt kritisert mellom anna fordi kulturpogrammet er kjedelig og fordi billettane er for dyre. Og fordi Petter Northug, norske langrennsutøvarar, vinteridretten, samfunnet og moralen var betre og meir sympatisk før.

Eg forstår at det hastar. Det er berre dagar igjen til ski-VM startar. Vi som lever av å meine ting, prøver jo i størst mulig grad å komme med kritikken av store arrangement før arrangementa tar til, for å vere på den sikre sida. Etterpå kan det hende det viser seg at det gjekk heilt fint, og då verkar det berre teit å vere kritisk.

Derfor, i all hast, her er mine hovudinnvendingar mot ski-VM i Oslo:

Det kjem sikkert ikkje til å bli fint vêr.

Det kjem sikkert til å bli dårlig skiføre.

Nokon kjem sikkert til å smørje seg vekk.

Norsk design kjem ikkje til å bli profilert godt nok.

Petter Northug kjem sikkert ikkje til å vere så tilgjengelig for media som media skulle ønske.

Petter Northug var dessutan morsommare før.

Pølsa Pettersen er heller ikkje så morsom som han var.

Det kjem sikkert til å vere ein god del folk som ikkje bryr seg om arrangementet i det heile tatt. Typisk Oslo. Hadde ein arrangert VM på ein mindre plass – for eksempel Nypen, Steinkjer eller Rana – då skulle du sett folkefest!

Samisk kultur blir sikkert bortimot fråverande.

Norsk design også.

Det kjem sikkert ikkje til å bli fullt på alle arrangementa.

Det kjem sikkert til å vere veldig få med minoritetsbakgrunn i publikum. Men i kulturdelen av programmet skal vi vise fram eit par artistar med minoritetsbakgrunn. Typisk politisk korrekte Norge.

Og når vi er inne på kulturprogrammet: Før medaljeseremoniane i Oslo sentrum skal populære norske artistar som Stella Mwangi og Madcon opptre. Det er typisk å komme trekkande med populære artistar under slike arrangement. Kvar er alle dei upopulære artistane? Greitt nok: Katzenjammer skal også spele. Dei er kanskje ikkje kjempepopulære. Men dei er flinke. Kva med alle dei upopulære norske artistane som ikkje er flinke? Kva med alle dei talentlause sære einmannsbanda? Kvifor skal ikkje dei få vere med?

Og folkemusikken?

Og kvifor er ikkje det norske ragtime-miljøet representert? Er dei ikkje «norske» nok?

Og kva med norsk design?

Folk kjem sikkert til å danse og synge med når Stella Mwangi framfører Haba Haba i Oslo sentrum. Men er ikkje det å gi verden eit glansbilde av Norge, når vi veit at det finst ein varaordførar i ein minimal kommune på Nordmøre som har ekstremt pussig humor på facebook?

VM skulle forresten vore arrangert i ein minimal kommune på Nordmøre, ikkje i Oslo. Då skulle du sett folkefest!

Ein annan del av kulturprogrammet er isskulpturar inspirert av Munch. Typisk å komme trekkande med gamle Munch kvar gong det skjer noko. Har vi verkelig ingen andre? Kva med alle dei ukjente norske kunstnarane?

Og kva med brukskunsten?

Og kva med norsk design?

Isskulpturane kjem dessutan sikkert til å smelte.

Og då blir det vått i gatene. Og då kjem folk til å klage. Typisk Oslo. Syting og klaging. Hadde ein arrangert VM på ein mindre plass – for eksempel Nypen, Steinkjer eller ein minimal kommune på Nordmøre – då skulle du sett folk som ikkje blir sure av litt vatn i gatene.

Under opningsseremonien skal visstnok eit svært barnetog markere dei ulike deltakarnasjonane. Typisk Norge med ei så hyggelig opning av arrangementet. Kvifor ikkje noko utrivelig? Noko truande? Noko som skurrar? Som verden sjølv.

Nokon kjem til å dope seg.

Anne Rimmen skal leie nokre av NRKs VM-sendingar. Ho kjem sikkert til å ta med seg Per Sundnes.

Puh. Eg rakk det akkurat. No kan VM begynne.

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 19. februar.

GÅ TIL VM-SIDENE TIL ABC STARTSIDEN!