Stumpar røyken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på ungdomsrøykarar er no 12 prosent, viser nye tal frå SSB.

– Å vere røykfri er noko av det viktigaste ein kan gjere for helsa. Me kjem til å fortsetja arbeidet for å få ned røykinga blant unge, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Straum-Erichsen i ei pressemelding.

Av alle mellom 16 og 74 år er det no 19 prosent daglegrøykarar. Det er ein nedgang frå 21 prosent i 2009. Dette tyder at òg at målet om å redusera delen daglegrøykarar i folkesetnaden til under 20 prosent er nådd.

Det har vore ein kraftig auke i snusbruk blant unge dei siste åra. I aldersgruppen 16-24 år er det 17 prosent som nyttar snus dagleg. Det er ein auke frå 14 prosent i 2009. Snusbruk er særleg utbreidd blant unge menn, der kvar femte no brukar snus dagleg. Blant unge kvinner er det 8 prosent som snusar dagleg.

Faktaboks

Snus inneheld meir enn 2500 kjemiske stoff, deriblant nikotin. 31 stoff i snus er identifisert som kreftframkallande. Kor mykje nikotin ein får i seg avheng av type snus og kor lenge ein har han i munnen. Akkurat som røyk er snus sterkt avhengigheitsskapande. MEIR FAKTA!