Heim frå suksess i utlandet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Silje Nes har gjennom dei siste åra bygd opp ei stor karriere innan sin sjanger, og systrondsjenta har mellom anna fått det same internasjonale managmentet som verdsstjernene Sigur Rôs.

Stemning
Konserten i Sogndal kulturhus torsdag vert eit musikalsk høgdepunkt under VEKA, og vekasjef Andreas Macsik vonar at mange vel å ta turen til konserten.

– Det er korrekt at me har seld lite til denne konserten på førehand, men dette er noko som verkeleg er verd å få med seg. No satsar me på at folk kjem i hopetal, seier Macsik, som lovar ei utruleg flott stemning i kulturhuset.

Leikangerjenta Silje Nes livnærer seg som musikar frå dei rolege stroka av Berlin. Sjølv om ho saknar Sogn, finn ho seg godt til rette i den tyske millionbyen.

– Det er så lett å finne roen i Berlin, seier Silje Nes. – Som musikar er det avgjerande å klara å slappa av og ikkje kava seg opp om ein ikkje har ubegrensa med midlar å leve for. I så måte er Berlin perfekt.

Bra ute i verda
Silje Nes har gjort stor furore i både USA og England. Gjennom sitt engelske plateselskap har ho gjort det bra i store delar av verda, men i Noreg er ho ikkje så kjent.

– Litt spesielt dette her, seier Silje. – Det har ikkje vore noko bevisst satsing, men det har vel med at plateselskapet snappa meg opp og lanserte meg for eit større publikum. – Ein kan nok seia at musikken er såpass smal at eg treng ein større marknad.

Sjølv om ho flytta frå Leikanger som ung jente, har Silje Nes ein noko eksklusiv relasjon til Veka i Sogndal.

– Det er nesten litt flautt å seia det, men eg sneik meg inn under konsert med Seigmenn for mange år sidan, innrømmer ho. – Vonar eg ikkje får straff for det sjølv om eg seier det til avisa!

Gler seg masse
Lyttar ein til musiken til Silje Nes, skjønnar ein kvifor folk er glade i jenta frå Leikanger. Stemningsfull, genuin og god er kjennemerket og Silje Nes skal prøve å skapa denne stemninga for publikum i Kulturhuset torsdag.

– Eg er kjempeglad for å kunne spela i Sogndal. Kulturhuset er ein flott arena for meg og eg vonar folk har lyst til å koma, seier den sjarmerande jenta på veg til Sogndal.

LES SAKA I SOGN AVIS!