Unge lesarar får eiga nettside

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målet er å skape eit forum der lesarar mellom 13 og 17 år kan oppdaga, diskutera og dela bøker og opplevingar med kvarandre, melder Schibsted Forlag i ei pressemelding.

Hovudtyngda vil liggja på diskusjonsforumet, men det vil òg bli lagt ut informasjon om nye bøker, smakebitar frå komande utgjevingar, bokfilmar, forfattarintervju og andre relevante lenkjer.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest rosa forlag!

– Første steget på vegen er å finna eit velklingande namn og me har difor kunngjort ein konkurranse på Facebook med mange flotte premiar. Fristen for å sende inn namneforslag er 1. mars, heiter det vidare i pressemeldinga.

Forlaga som samarbeider om sida er Aschehoug, Cappelen Damm, Gyldendal, Mangschou, Omnipax, Samlaget og Schibsted Forlag.