Klimagassutsleppa kraftig ned

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

CO2-utslepp kraftig ned

Dei innanlandske utsleppa av klimagassar var 51,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2009, ein reduksjon på 4,6 prosent samanlikna med året før. Utsleppsreduksjonane i tonn var størst innanfor industri og bergverk og olje- og gassutvinning, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ligg under forpliktingane
Den tildelte kvotemengda for Noreg er 50,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar i snitt per år frå 2008 til 2012. I 2008 slapp Noreg ut 53,8 millionar CO2 ut.

Utsleppskrava kan også oppfyllast ved å finansiera utsleppskutt i utlandet. Skogplanting, bygging av fornybar energi og energieffektiviseringstiltak er døme på dette.

Solnedgang på sokkelen?
Utsleppa frå olje- og gassutvinning gjekk ned med 7 prosent frå 2008 til 2009, men ligg enno 76 prosent over nivået i 1990. Utsleppa frå landanlegga har auka i perioden på grunn av auka aktivitet ved gassterminalane. I 2007 og 2008 var utsleppa frå gassterminalane spesielt høge grunna oppstartsproblem på LNG-anlegget i Hammerfest.

Kårstø og fjernvarme
På grunn av oppstarten av gasskraftverket på Kårstø auka utsleppa frå energiforsyning kraftig i 2009. Klimagassutsleppa frå produksjon av fjernvarme er meir enn fordobla frå 1990 til 2009, medan energiproduksjonen er meir enn tredobla i same periode.

LES SISTE KLIMANYTT HER!

Klimagassutslippene frå vegtrafikk auka med 26 prosent i perioden 1990-2009, til trass for ein reduksjon på 4 prosent frå 2007 til 2009.