I kampen for sjukehuset

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kampen for sjuke- huset

I desember gjekk du i demonstrasjonstog både utanfor Stortinget og i Sogn og Fjordane for å hindre nedlegging av lokalsjukehus.

Kvifor dette engasjementet?

Eg engasjerer meg for lokalsjukehusa fordi det er eit grunnleggjande samfunnsgode og ein tryggleiksbase som me ikkje har råd til å miste. Det er ein hjørnestein i lokalsamfunnet på mange måtar, og utan lokalsjukehus mistar me mykje.

Kvifor bør ungdom engasjere seg i lokalsamfunnet?

Det er viktig at ungdom engasjerer seg i lokalsamfunnet, fordi me kan vere med på å forme vår eiga framtid. Framtidsretta ungdom kan vere med og påverke dei som bestemmer, på ein positiv måte.

Kva er dei viktigaste sakene i ungdomsrådet ditt no?

I ungdomsrådet er dei viktigaste sakene lokalsjukehus, kulturhus og berekraftig reiselivsutvikling.

Korleis kan ein få fleire ungdommar politiske aktive?

Eg trur det er viktig å bevisstgjere dei om kor viktig dette faktisk er. Fortelje med konkrete døme korleis me i dag påverkar korleis me skal ha det i framtida. Politikk har fått eit rykte på seg for å vere kjedeleg – eg trur det er viktig å avlive det ryktet.

Kva er hjartesaka di?

Hjartesaka mi er lokalsjukehus.

Kan du tenkje deg å bli politikar?

Eg er politisk aktiv i Lærdal ungdomsråd og elevrådet/elevrådsstyret ved Sogndal vgs., men er ikkje medlem i noko parti (enno). Likevel kan eg godt tenkje meg å bli politikar.

Korleis får ein politikarane til å høyre på ungdommane?

Ein får politikarane til å høyre på seg ved å gå i direkte dialog med dei, fortelje dei kva me meiner, og kvifor det er viktig. Me brukar også media svært mykje og har god hjelp av det. I tillegg har det blitt eit stort fokus på ungdomsdemokrati og ungdomsdeltaking, og det er noko som hjelper oss å få fram sakene våre.

I haust møtte de kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) og overleverte 500 underskrifter mot nedlegging av sjukehus. Korleis var det?

Å møte kommunalministeren var viktig for å få fram kva ungdomen meiner om sjukehussaka. Rett nok er Liv Signe frå Lærdal ho òg, og ho kjenner naturleg nok til denne saka og ser det er viktig å ha eit lokalsjukehus. Me fekk ho til å levere underskriftene til helseministeren, og det gav underskriftskampanjen ekstra tyngde. I tillegg møtte me helseministeren i Volda i desember og fekk ein kort direkte dialog med ho, der me fekk fram bodskapen vår på ein god måte. Det håpar me gav inntrykk.

Kva gjer de no vidare for å hindre at lokalsjukehuset blir lagt ned?

Me skal fortsetje å kjempe for sjukehuset vårt, men korleis er noko me drøftar heile tida, og me har per i dag ikkje nokon konkret plan på korleis me skal påverke. Men me er alltid på hogget og klare til å seie i frå.