Skremd av vindkraftplanar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skremd av vindkraft- planar

Sogn og Fjordane fylkeskommune har lagt fram planar om å byggja minimum 1.000 MW vindkraft langs kysten av fylket. Dette er like mykje på Sogn og Fjordane aleine som heile den nasjonale målsettinga for 2010.

Seminar
– Dette er skremmande. Utbygginga vil gjera kysten langs Sogn og Fjordane om til eit industriområde, seier Oddvin Lund, fagsjef for naturforvaltning hjå Den Norske Turistforening (DNT)

Forum for natur og friluftsliv (FNF) og natur- og friluftslivsorganisasjonane på lokalt, regionalt og sentralt nivå, vil på eit seminar i Florø 10. og 11. februar setja søkjelys på verknadane utbygginga av fornybar energi har på landskapet og naturmangfaldet.

I Sogn og Fjordane er kystlandskapet særleg utsett, og organisasjonane vil sjå på korleis dei kan hindra ei massiv nedbygging, heiter det i ei pressemelding frå DNT.

Indrefileten
– Ein stor del av folket i Noreg bur langs kysten og ein ser at stadig fleire arealkonfliktar av ulike slag er knytte til energiproduksjon, seier Marino Ask, styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag.

– Det er viktig at ein no sett søkjelys på dette og at ein tek vare på kystlandskapa og kystnaturen. Indrefileten av fjordlandskapet på Vestlandet, bør vurderast av Miljøverndepartementet før ein set i gang med ei storstilt industribygging, seier Ask.

Utbyggingsplanane frå fylket omfattar heile 250 kvadratkilometer av kysten, og dette er ikkje unikt. Store industrianlegg med omfattande infrastruktur og vegar er planlagt fleire stader i Noreg.

– Klimatrusselen blir brukt som argument for å byggja ut norsk natur. Me er skeptiske til at utbygginga av norsk energi skal vera løysinga på verdas klimaproblem, seier Oddvin Lund.

LES SAKA I SOGN AVIS!