Gjev betre karakterar på små skular

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette viser ein ny rapport som SSB har gjort på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Rapporten samanliknar standpunktkarakterar og eksamenskarakterar for å sjå om det er systematiske skilnader mellom skulane når det gjeld standpunktkarakterar.

• Om lag 40-50 prosent av skulane peikar seg ut med spesielt høge eller låge standpunktkarakterar i tilhøve til eksamenskarakterar.

• Eit uttrykk for skilnaden i karakterpraksis er at elevar som får 5 ved eksamen i gjennomsnitt får 5,2 i standpunktkaraktar på skular som gjev høge standpunktkarakterar, medan tilsvarande elevar får 4,8 i snitt på skular som gjev låge standpunktkarakterar.

• Små skular (mindre enn 50 elevar over sju skuleår) ser ut til å setja ein standpunktkarakter som er høgare enn eksamenskarakteren og overvurderer dermed nivået til elevane sine, medan andre – særleg dei store (om lag 40 elevar eller fleire i gjennomsnitt per årskull) – ser ut til å setja ein standpunktkarakter som er lågare enn eksamenskarakteren og undervurderer dermed nivået til elevane sine.

• Skular med låge gjennomsnittlege eksamenskarakterar har ein tendens til overvurdera nivåa til elevane når standpunktkarakterar blir sett, medan skular med høge gjennomsnittlege eksamenskarakterer har ein tendens til å undervurdera prestasjonsnivået på skulen sin.

• Karakterpraksisen på kvar skule er i stor grad stabil mellom fag. Det vil seia at viss ein skule gjev høge standpunktkarakterar i éit fag, gjev dei òg høge standpunktkarakterar i andre fag ved skulen. Karakterpraksisen er òg stabil over år.

Er du nøgd med korleis lærarane set karakter?