Vinterleg dukkert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med knallgule crocs på føtene, shorts og bikinioverdel trippar to glade jenter ut av badehuset nede ved bryggja i Vrådal sentrum. Kroppane er varma opp inne i den vedfyrte badstua og klare for eit bad.

Varmt og godt i vêret òg i dag, heile ein plussgrad – det same gjeld vatnet – ein pluss. Brrrr …

Me ser for oss hyl, eit raskt bad og skjelvne kroppar med blå lepper som kjem opp att av råka som er saga ut på det frosne Nisser-vatnet. Men slik blir det slett ikkje.

– Det er ikkje så kaldt, seier jentene, som klatrar ned stigen til det klåre vatnet. Vasskorpa blandar seg med fine isflak og terningar. Agnete er fyrst i vatnet. Ho lener seg inntil isråka, Live finn fram eit blad og gjev venninna ei bok. Det var visst godt med eit bad i dag.

– Ein gong i veka
14-åringane vil ha eitt bad til, men treng litt varme i kroppen fyrst og tar turen inn i badstua.

Agnete hiv på litt meir ved og fortel at ho har isbada dei fem siste åra, og at ho plar bade om lag ein gong i veka. Venninna Live blir gjerne med på eit bad når ho er på besøk i Vrådal.

– Det er så oppfriskande, ein blir veldig roleg og faktisk litt sliten etter ein har bada og sete i badstua. Det er sosialt å gjere dette saman, prate og roe ned etter skuledagen, meiner jentene.

Agnete trur også at isbading og badstue er godt for helsa.

– Om eg er forkjøla og tar eit bad i det kalde vatnet, blir eg betre, meiner ho.

Bikini i 20 minus
Dagen VTB vitjar isbadarane i Vrådal er det mildvêr. Agnete minnest godt ein gong det var kaldare i lufta.

– Ein gong etter me hadde isbada stod me oppe med vegen i bikini og venta på isbilen. Det var tjuge minus. Eg trur sjåføren blei litt overraska då, ler Agnete.

Badstua kom på plass nede på bryggja til far av Agnete for seks år sidan.

– Eg gjekk eit språk- og kulturkurs i Finland på slutten av 80-talet. Språket gjekk det så som så med, men noko av kulturen tok eg med heim. Eit minne som sat godt var mellom anna ei badstue eg besøkte. Eg tenkte at ei slik ville eg byggje heime. Planane låg i bakhovudet i mange år før eg fekk realisert dei. Nå fyrar eg opp i badstua fleire gonger kvar veke, og det er mange som nyttar ho, seier Svein Straumsnes.

Dukkert
Agnete og Live har fått varmen att, temperaturen inne i badstua er 105 grader, og det er litt i varmaste laget, i fylgje badstueeigaren.

– Den beste temperaturen ligg mellom 90 og 100 grader, seier Svein.

Jentene ruslar nedover mot isen att. Det freistar med ein skikkeleg dukkert nå. Vips er dei under vassflata, og like raskt oppe att.

– Isbading er absolutt noko me kan anbefale. Det er så godt, gliser jentene.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!