Stor liten svenske

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Månadens artist

Gitarar og gamle heltar
Mannen som kallar seg The Tallest Man on Earth, er eigentleg ein spinkel fyr; ikkje så veldig høg, men derimot veldig god til å spele gitar. Det opphavlege namnet til denne høge, låge mannen er Kristian Matsson. Han vart fødd 30. april 1983, og voks opp i Dalarna i Sverige.

Det er ikkje berre det merkelege artistnamnet som er eit lettgjenkjenneleg særtrekk ved The Tallest Man on Earth. Han har også ei heilt spesiell stemme; skarp og raspande. Dette er nok hovudgrunnen til at han ofte blir samanlikna med Bob Dylan, men dei deler også interessa for gitaren. The Tallest Man har minst tre gitarar med seg på scena når han spelar konsert. Han byter på å spele på desse, innimellom spelar han piano – og det er heile bandet. Sjølv om samanlikninga med Bob Dylan er nærliggjande, minner Matsson si sjarmerande framtoning på scena meir om ein annan gammal helt: Johnny Cash.

Over havet med Pitchfork
I starten av 2000-talet var Kristian Matsson vokalist i bandet Montezumas. Men i 2006 starta han solokarrieren sin, og gav ut ein ep som heitte nettopp The Tallest Man on Earth EP. Han fekk gode meldingar – men gjennombrotet kom først i 2008. Matsson har sjølv sagt at suksessen overraska han, og det kan ein godt forstå. Debutalbumet Shallow Grave (2008) gjer, som resten av The Tallest Man on Earth sin musikk, ikkje eit stort nummer ut av seg, og det vart ikkje breitt marknadsført. Men den mektige musikknettstaden Pitchfork fekk auga opp for det, og gav albumet strålande kritikkar. Slik vart The Tallest Man on Earth spreidd til ein stor krins av musikkinteresserte, fekk fleire gode kritikkar, og vart hyra inn som oppvarmingsartist for dei amerikanske artistane Bon Iver og John Vanderslice. Seinare har han også turnert åleine, i USA, Europa og Australia. Songen Pistol Dreams vart brukt i den svenske miniserien Upp til kamp.

Eit godt år
I januar 2010 skreiv Kristian Matsson kontrakt med det amerikanske plateselskapet Dead Oceans. Det nye albumet The Wild Hunt, som kom ut i april same år, vart dermed gitt ut i heile verda – ikkje berre i Skandinavia, slik Shallow Grave vart. Men før han valde Dead Oceans, snakka Matsson med mange selskap. Dei aller fleste ville at han skulle gjere om på musikken for at han skulle passe ein meir kommersiell marknad.

The Wild Hunt fekk også strålande kritikkar – for ikkje å snakke om konsertane han heldt det følgjande året. The Tallest Man on Earth turnerte først i Europa, og spelte blant anna for ei lita mengd menneske i Oslo. Då han kom attende i desember, berre eit halvår seinare, var Oslo-konserten heilt utseld. Mykje av 2010 gjekk med til turnering; Kristian Matsson fekk så mykje heimlengt at han tatoverte hesten sin på underarmen, for at den skulle minne han om heime. Eller slik går i alle fall historia. Men trass i all turneringa fekk han tid til å skrive nye songar. Hausten 2010 kom ep-en Sometimes the Blues Is Just a Passing Bird. Her finst songen Thrown right at me, som ifølgje mannen sjølv er den einaste positive han har skrive.

SAKA STOD FØRST PÅ TRYKK I NORSK BARNEBLAD!