Nominert til Kritikarprisen

Sjå alle nominasjonane her!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nominert til Kritikar- prisen

Søkeord Ayotzintli av Marit Kaldhol er blant dei nominerte i klassen for beste barne- og ungdomsbok. Marit Kaldhol har markert seg som ein forfattar som kan skrive godt om vanskelege og utfordrande tema i barn og unges liv.

Jan Roar Leikvoll og Carl Frode Tiller kjempar om prisen for beste vaksenbok med høvesvis Fiolinane og Innsirkling 2.

LES OGSÅ: – Treng fleire bøker å velja i

Jan Roar Leikvoll begeistra og sjokkerte eit heilt kritikarkorps då Fiolinane kom ut våren 2010. Dette vart sagt om boka: "rå, glødende, sjokkerende, ondt mesterverk, glefser tak, røsker i deg, briljant" Mellom anna VG kasta seksar på terningen.

Prisen blir delt ut 3. mars.

Dei nominerte for beste voksenbok:
* Beate Grimsrud for En dåre fri, Cappelen Damm
* Gaute Heivoll for Før jeg brenner ned, Tiden
* Jan Roar Leikvoll for Fiolinane, Samlaget
* Carl Frode Tiller for Innsirkling 2, Aschehoug

Dei nominerte for beste barne- og ungdomsbok:
* Lisa Aisato for Odd er et egg, Gyldendal
* Marit Kaldhol for søkeord: ayotzintli, Samlaget
* Jo Nesbø for Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje, Aschehoug
* Tore Renberg og Øyvind Torseter for Gi gass, Ine, Cappelen Damm

Dei nominerte for beste omsetjing:
* Marit Bjerkeng for Venushår av Mikhail Sjisjkin, Forlaget Oktober
* Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness (red.) med flere, for Verden finnes ikke på kartet – Poesi fra hele verden, Forlaget Oktober
* Kjell Olaf Jensen for Pustegynge av Herta Müller, Tiden
* Thomas Lundbo for Ørsmå liv av Pierre Michon, Solum