Krafta til havs svir på land

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To nylege hendingar i livet til Terje Riis-Johansen har ein sterkare innbyrdes samanheng enn ein skulle tru. Sist tysdag la olje- og energiministeren fram dei fire nye rapportane om kabelalternativa gjennom Hard­anger, den intenst omstridde Sima–Samnanger-lina, med påfølgjande hissig debatt og mediekøyr.

25. januar hadde statsråden derimot eit hyggjelegare oppdrag, da han erklærte Gjøa-plattforma i havet vest for Florø for opna – den første flytande oljeplattforma med straumforsyning frå land, feiringa av eit teknisk vedunder med 100 kilometer vekselstraumkabel etter seg. Og samanhengen mellom dei to oppdraga? Den går via kraftnettet, så klart.

Troll i Hardanger
Sima–Samnanger-striden først. Riis-Johansen, statsminister Stoltenberg og Statnett har stadig fortalt oss at den nye kraftlina gjennom Hardanger skal sikre forsyningstryggleiken til bergensområdet. Men som mange no har fått med seg, er den viktigaste einskildgrunnen til at regionen kjem til å trenge meir kraft i åra som kjem, ein planlagd auke i kraftforbruket på Troll A-plattforma.

LES OGSÅ: Kan kutta 35 prosent av straumen

Troll A får straumforsyninga si via Statoil-anlegget på Kollsnes i Øygarden. Medan dagens forsyning til Troll er på 90 megawatt, er det planlagt meir enn dobbelt så høgt forbruk frå 2015 av, når nye kablar frå land er på plass. Og den nye Gjøa-plattforma har i dag ei kraftforsyning på 20 megawatt, som skal aukast til 40 megawatt innan 2015.

Samanhengen mellom elektrifiseringa av plattformene og dei omstridde Hardanger-mastene går tydeleg fram av ein av dei nye rapportane om Sima–Samnanger-lina. På grunn av den pressa kraftforsyninga i bergensområdet tilrår Statnett at ein ventar med dei nye leidningane til Troll inntil ein har fått nye forster­kingar av nettet på land. Det er forbruksauken på Troll og resten av petroleumsverksemda i regionen som driv fram behovet for nye kraftliner. Og denne årsakssamanhengen reiser nokre prinsipielle spørsmål.

Folket skal få svi
For regjeringa har som kjent truga med at dei 3,4 milliardane i ekstrakostnader med ein eventuell sjøkabel gjennom Hardanger må dekkjast gjennom nettleiga til folk flest. Ikkje nok med det: Om sjøkablar i Hardanger skal danne presedens for komande kraftleidningar i Noreg, må norske straumkundar ut med 30 milliardar kroner ekstra i nettleige dei neste tiåra, blir det sagt.

Dette er riset bak spegelen i debatten om Sima–Samnanger. Men kvifor må det vere slik? Som ein Bergens Tidende-lesar skreiv i kommentarfeltet til ein artikkel om kraftsituasjonen denne veka: «Hvorfor skal strømkundene på land betale for monstermaster eller sjøkabel når vi kan klare oss uten begge? Hvorfor er det ikke staten, Statkraft og/eller oljeselskapene som må betale når det er dem som tjener pengene og har behovet?»

Kjæledegge
Det er grunn til å tru at slike spørsmål vil kome med aukande styrke i åra som kjem, i takt med dei nye kablane som blir strekte ut i havet, og det er i grunnen litt trist. Ideen om å forsyne installasjonane i Nordsjøen med straum frå land har lenge vore ein kjæledegge for både politikarar og miljøorganisasjonane, det mest attraktive av alle innanlandske klimatiltak. Det finst ikkje mange måtar å kutte dei norske CO2-utsleppa så det monar utan at det påfører folk flest ubehag. Men dei 174 små gasskraftverka som står og durar ute i Nordsjøen, ville ikkje mange av oss sakne.

LES SISTE KLIMANYTT!

Det er desse lite effektive gassturbinane som har stått for kraftforsyninga til oljeplattformene, og dei samla klimagassutsleppa deira er ikkje småtteri. Utsleppa frå oljeverksemda i Nordsjøen utgjer over ein fjerdedel av dei norske CO2-utsleppa, langt meir enn all biltrafikk i Noreg. Da er det ikkje så overraskande at elektrifisering av petroleumsverksemda er ei heilt sentral brikke i både klimaforliket i Stortinget og Klimakur 2020. Som miljø­stiftinga Zero skreiv om elektrifisering i rapporten Et krafttak fra land i 2007: «Tiltaket krever verken forsakelser eller livsstilsend­ringer for folk flest og norsk industri. Det eneste man foretar seg, er å legge inn strøm til noen plattformer og installasjoner. Dette burde gjøre tiltaket lett å realisere politisk.»

Men som striden om kraftleidningane i Hardanger – og kraftmangelen i Midt-Noreg, som dels kjem av forbruket til Ormen Lange – har vist: Så enkelt er det altså ikkje. Og ingen har fått sveitte meir over komplikasjonane enn Terje Riis-Johansen. Så da energiministeren var i spørjetimen i Stortinget denne veka, sa han, klok av skade frå Hardanger og Ormen Lange: «Det er en forutsetning for elektrifisering at det kan skje uten store negative effekter på kraftsystemet på land. (…) elektrifisering på sokkelen bør innebære at det samtidig enten bygges ut ny kraft eller framføres tilstrekkelig nettkapasitet.»

Men om slik nettkapasitet skal kome på plass, må nokon betale. Kabelen frå land og ut til plattformene dekkjer oljeselskapa sjølve. Men kostnadene på land fell på straumkundar flest.

Press på nettet
Førebels er berre ein mindre del av petroleumsverksemda i Nordsjøen kopla til straumnettet på land. I tillegg til Troll A og Gjøa gjeld det Valhall-feltet til BP sør i Nordsjøen, pluss gassanlegget tilknytt Ormen Lange i Aukra, som brukar straum for å drive gassen over til Storbritannia – og som altså har bidrege sterkt til kraftkrisa i Midt-Noreg og behovet for ein kraftleidning frå Sogn til Midt-Noreg.

Men ei rekkje nye prosjekt for elektrifisering er vedtekne eller under vurdering: Goliat-ut­bygginga, Ekofisk-området, utvidingar av kraftforsyninga til Snøhvit, Ormen Lange og Troll. Oljedirektoratet har rekna ut at petroleumssektoren kan kome til å trenge over 12 TWh med straum frå land i år 2020 – i så fall ei tredobling frå i dag. Det kan skape press både på kraftforsyninga og på overføringsnettet mange stader.

Den problemstillinga er ikkje ny eller ukjend for regjeringa. I proposisjonen om Gjøa-utbygginga frå 2006 heitte det til dømes: «Forsyninga av Gjøa med kraft frå land og den andre forbruksauken knytt til petroleumsnæringa krev på si side ei rask framdrift i dei sentrale prosjekta for styrking av over­føringsnettet.»

Meir frå staten
Trass i innvendingane har det vore brei politisk semje om å satse på elektrifisering av sokkelen. Blant dei ivrigaste partia er Venstre – som samtidig er iherdige motstandarar av luftspennet i Hardanger.

– Venstre ønskjer elektrifisering av større delar av sokkelen. Det er ein av grunnane til at vi ønskjer ei ny kraftline til bergensområdet, seier Helge Solum Larsen, nestleiar i Venstre.

– Vi ønskjer at det skal brukast sjøkabel på grunn av naturvernomsyna i Hardanger, men vi ønskjer òg å få fram meir kraft.

– Oljeselskapa tener grovt med pengar i Nordsjøen, og staten tener grovt på både kraft og olje. Er det da rett at nettutbygging for å hjelpe oljeindustrien skal betalast av straumkundane over nettleiga?

– Det er ikkje sikkert at det er rimeleg at forbrukarane skal ta den ekstra kostnaden. Venstre meiner at vi bør vurdere å styrkje det statlege innskotet til Statnett. I dag skyt staten inn 2,7 milliardar kroner årleg til Statnett. Det kan bli aktuelt å auke det innskotet, om det får fortgang i overføringskapasiteten, seier Larsen.

Han er oppteken av å forbetre overføringskapasiteten av fleire grunnar.

– Nettsituasjonen er bøygen for fleire viktige miljøtiltak. Også vindmølleparkar til havs krev meir overføringskapasitet av kraft i nettet på land.

Meir frå oljen
Marius Gjerset, teknologiansvarleg i miljøstiftinga Zero, er ein ihuga tilhengjar av elektrifisering. Han understrekar at oljeselskapa tek det meste av rekninga for å få straum til plattformene sjølve.

– Det er dei som betaler kablane ut til plattformene, og BP betaler både kabel og trafo for å forsyne Valhall. Men det er sant at det blir ein del forsterking av nettet på land som Statnett må stå for.

– Det kan vere snakk om store investeringar. Er det rett at vanlege straumkundar skal betale for dette?

– Statnett har alt i dag høve til å krevje inn anleggsbidrag. Om Statnett må ta på seg ekstra store investeringar i nettet på grunn av ein storforbrukar, kan Statnett påleggje forbrukaren å betale ekstra for det. Og det ventar eg at Statnett vil gjere om dei ser det som naudsynt.

LES ALT OM KRAFTLINJESAKA!

Gjerset vil ikkje utan vidare gå med på at det er elektrifiseringa av Troll som skaper behovet for Sima–Samnanger-leid­ning­­en.

– Men forsyninga til Troll er nok ei medverkande årsak, ja.

Ikkje så nøye
Jørgen Randers, professor i klimastrategi og tidlegare leiar for Lågutsleppsutvalet, er slett ikkje uroa over at straumkundane må betale for nettutbyggingane som skal forsyne oljenæringa.

– Det spelar ikkje stor rolle. Til sjuande og sist må fellesskapen betale uansett, meiner Randers.

– Vi kan ikkje ta inn dette via oljeprisen, for den blir avgjort globalt. Om vi ordna dette slik at oljeselskapa betalte rekninga for nettutbygginga, ville det føre til mindre overskot for selskapa og dermed mindre skatteinntekter for den norske staten. Så om vi betaler for desse leidning­ane via straumprisen eller med reduserte oljeinntekter, er ikkje så viktig, seier Randers.

– Først og fremst er elektrifiseringa eit viktig, positivt tiltak, og nokon må betale det. Om vi gjer det ved at nolevande nordmenn betaler via nettleiga, i staden for at Noreg får litt mindre pengar i pensjonsfondet, det har eg ingen problem med.

LES SAKA I DAG OG TID!