– Me likar å sy!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jentene går på vg2 Design og tekstil, der dei blant anna lagar klede til eige bruk.

Gro Yngvild Tenmann, lærar til elevane, meiner sjølv at sjølv om ho kan mykje, så kan ho ikkje alt. Difor blir det av og til leigd inn fagfolk, slik at elevane får ordentleg opplæring. No held dei på med ei fordjupingsoppgåve, der dei skal både velja og laga oppgåva sjølv.

Kunne ikkje tenkt seg noko anna
Anna Therese Rossebø Robinson (18) frå Tysnes, seier at det er kjempekjekt å gå på tekstil, og ho kunne ikkje tenkt seg noko anna. Ho held fram med at ho ikkje skjønar kvifor det ikkje er fleire som søkjer.

– Det er veldig få som søkjer på tekstillinja. Linja har ikkje eksistert lenge, men i fjor var det ingen tekstilklasse, fortel ho meg.

I tekstilklassen deira er det 12 jenter, ein rein jenteklasse. Dei må eigentleg vera 13 for at ei linje skal haldast i gang. Men elevane er kjempeglad for at ho vert halden gåande med berre 12.

Anna Therese Rossebø Robinson valte akkurat denne linja fordi ho er glad i å bruka hendene. Ho synest òg det er kjempestilig å laga klede, som ho sjølv kan bruka.

Ho legg til at ho synest at lærarinna si er heilt fantastisk, og meiner ho kan alt. Lærarinna derimot, seier det motsette, at ho ikkje kan alt.

Anna Therese seier det så enkelt som: – Ho er ein fantastisk lærar, som gjer det vanskelege arbeidet lett for oss.

Erfaringar for livet
Det Anna Therese Rossebø Robinson likar best med linja, er at ho tek med seg erfaringar vidare som ho kan få bruk for resten av livet. Sjølv meiner ho at ho kunna starta sin eigen bedrift allereie, og tent gode pengar. Ho trur de fleste som søker på denne linja, søkjer i Bergen, fordi det er «storbyen», men ho er sikker på at på Fitjar, er det mykje koselegare.

– Eg har lyst å starte min eigen bedrift, seier Anna Therese. – Me får oppgåver i ny og ne, og jobbar med kompetansemål. Nett no held me på med prosjekt til fordjuping, og jobbar ganske fritt. Der me lagar eiga oppgåve, og vel eigne kompetansemål.
 
For å bli god
Viss ein skal bli god på noko, må ein øva. Anna Therese samanliknar det med sport, om du vil bli god, må du øva.

– Det er ikkje så mykje lekser på denne linja, men dei fleste av oss vel å jobba med arbeidet heime òg, fortset ho.

Anna Therese har òg fått gode tilbakemeldingar, frå lærar, medelevar og familie og er stolt av det ho har laga.

Isabell Sjøvoll Grønås (17) frå Bømlo, seier at i klassen er det eit veldig bra miljø der alle er veldig glad i kvarandre. Ho meiner òg at det er viktig med ei slik linje for dei som likar det, og er interessert i det. Ho valte Fitjar, og er glad ho kom inn fordi ho ville ikkje reisa heilt til Bergen. Når det gjeld vidare utdanning, ønskjer Isabell å begynna på ESMOD, i Oslo, som er ein fransk motehøgskule.

Isabell vil òg beskriva linja med eit ord: – Fantastisk!

Jentene på tekstil er svært nøgd med linja, og kunne ikkje tenkt seg noko anna. Dei meiner at ei slik linje er kjempeviktig, men ingen av dei forstår kvifor det er så få som søkjer.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!