Midt i opprøret i Kairo

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein uavklart situasjon og me veit jo ikkje kva som vil skje, fortel Skumsnes (2) på telefon frå den egyptiske hovudstaden.

Kjenner tåregassen

Han bur i Zamalek, ein bydel som så langt ikkje har hatt besøk av gatedemonstrantane. Skumsnes studerer egyptologi ved det amerikanske universitetet i byen og arbeidar i tillegg som arkeolog ved pyramidar. Han var på plass i Kairo for tre veker sidan og skal etter planen vera der fram til juni.

LES OGSÅ: På veg inn i faresona

– Det har ikkje vore gatedemonstrasjonar her, men me kjenner stundom tåregassen og høyrer skot, helikopter og jagarfly, forklarar han.

Vurderer heimreise
Bråket i Kairo starta sist tysdag og har spreidd seg frå Tunisia. Hovudmålet til opprørarane er å styrta president Hosni Mubarak sitt regime, som har hatt makt i nesten 30 år.

LES SISTE UTANRIKSNYTT!

– Hadde det vore oss dei var ute etter, så hadde det jo vore verre, men slik er det ikkje. Men blir det verre no, så reiser eg heim, fortel Skumsnes til Sunnhordland.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!