Regjeringa går inn for Bjørg
Eg ser inn i framtida. Og eg ser kompromiss.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Alle som skriv i avis har allereie sagt at oljeboring i nord er den aller vanskeligaste saka til no for den raudgrøne regjeringa, og det seier ikkje lite etter alle problema med monstermaster og lokalsjukehus og Amelie, og no toler ikkje SV eit nederlag til. Sidan vi som skriv i avis er opptatte av breidde og mangfold, vil eg gjerne legge til: Oljeboring i nord er den aller vanskeligaste saka til no for den raudgrøne regjeringa, og det seier ikkje lite etter alle problema med monstermaster og lokalsjukehus og Amelie, og no toler ikkje SV eit nederlag til.
Derfor er det all grunn til å tru at regjeringa jobbar for å finne eit kompromiss som alle kan leve med og alle kan framstille som ein siger. Sidan eg sjølvsagt ikkje har den fjernaste anelse om kva regjeringa driv med, så gjer eg som alle gode aviskommentatorar: Eg tippar.
Her er nokre av kompromissa eg tippar har blitt diskutert:
Regjeringa går inn for å leite etter olje, men ikkje finne noko.
Regjeringa går inn for å leite etter olje, men på feil plass.
Regjeringa går inn for å hente inn veldig mykje informasjon før ein eventuelt bestemmer seg for å gå inn for oljeverksemd i nord, såpass mykje informasjon at det til slutt blir umulig å bestemme seg.
Regjeringa går inn for å halde fram med å hente inn informasjon heilt til regjeringa går av og heile greia er nokon annans problem.
Regjeringa går inn for oljeboring i nord når dei er i nord, men ikkje når dei er i sør.
Regjeringa går inn for å sette i gang konsekvensutgreiing av oljeverksemd i nord, men først etter at ein har utgreidd konsekvensane av ei slik konsekvensutgreiing i ei eiga konsekvensutgreiingskonsekvensutgreiing. Om dette ikkje er nok til å hale ut tida fram til Norge har fått ei anna regjering, så vil ein også utgreie om det kan vere nødvendig med ei konsekvensutgreiingskonsekvensutgreiingskonsekvensutgreiing.
Regjeringa går inn for ei anna regjering.
Regjeringa går inn for å sette i gang ei konsekvensutgreiing, så lenge utgreiinga blir utført av kvinner med minoritetsbakgrunn frå utkant-Norge.
Regjeringa går inn for å sette i gang konsekvensutgreiing, men å kalle konsekvensutgreiinga for noko anna og litt hyggeligare enn konsekvensutgreiing, for eksempel Bjørg.
Regjeringa går inn for at Norge gjer det så sjukt bra i ski-VM at folk gløymer heile regjeringa.
Regjeringa går inn for oljeboring i nord, men vil offentliggjere dette på ein dag då det er skikkelig møkkavêr og Lofoten ikkje ser spesielt bra ut på tv.
Regjeringa går inn for å leite etter olje i nord, men late som om dei leitar etter noko anna, for eksempel gull, myrra, brillene sine, veljarar, Senja e.l.
Regjeringa går inn for opne for oljeverksemd i nord, mot at SV får bestemme menyen og underhaldninga på julebordet til regjeringa. Det blir framleis diskutert om det skal vere møteplikt på julebordet, eller om Ap-statsrådane kan få sleppe.
Regjeringa er både for og mot, og Jens Stoltenberg deltek i eit populært snakkeprogram på tv der han smiler guteaktig og fortel at han liker «Sopranos» og «Frustrerte fruer».
Regjeringa går inn og legg seg.
Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 28. januar.