Ny rapport viser at det er tusenlappar å spara for kvar husstand i Bergen. Kan få konsekvensar for kraftlinje gjennom Hardanger.

mm

Ein ny rapport utført av Bellona i samarbeid med Bergen kommune og næringslivsaktørar viser at byen kan spara 29 prosent av straumforbruket sitt. Næringslivet kan spara 10 prosent. Husstandane 35 prosent.

– Skal vi ta ut potensialet som er identifisert i rapporten, må alle i Bergen bidra i denne dugnaden, seier byråd Lisbeth Iversen i Bergen kommune i ei pressemelding.

Krev omstilling
Marius Holm, nestleiar i Bellona, viser til at klimautfordringa krev omstilling for alle.

– Viss me skal dekkja energibehova våre utan forureinande fossil energi, må vi redusera forbruket og bruka energien smartare. For å nå målet må alle steinar snus. Her må alle gjera sin del av jobben, land, byer, kommunar, bedrifter og privatpersonar, og som ein bonus kan vi få en lågare straumregning i tillegg. Energieffektivisering kan gi viktige bidrag allereie med eksisterande teknologi, seier Holm.

Kan spare 1,3 milliardar
Tiltaka i rapporten handlar om alt frå etterisolering til meir energieffektiv bruk av varme, lys og ventilasjon. Med eit samla energibruk på 4600 gigawattimar i Bergen, avdekkjer rapporten eit sparepotensial på 29 prosent, tilsvarande1339 gigawattimar. Det er det same som ein tredjedel av årleg kraftproduksjon på gasskraftverket på Kårstø.

Med ein kilowattimepris på éi krone, vil sparepotensialet ha ein verdi på drygt 1,3 milliardar kroner.

Konsekvensar for Hardanger
I dag, fredag, la Bevar Hardanger fram ein rapport som slår fast at den omstridde kraftlinja mellom Sima og Samnanger er unødvendig. Energirådgjevar Svein Roar Brunborg meiner at Bergen kan få nok straum både ved å både spara og produsera meir straum, og konkluderer at kraftlinje ikkje er samfunnsøkonomisk lønsam.

– Dette er ein knusande dom over konsesjonsarbeidet til Statnett, seier styreleder i Bevar Hardanger, Klaus Rasmussen i ei pressemelding.

Neste veke kjem dei fire rapportane om sjøkabelalternativet som regjeringa tinga etter Hardanger-opprøret i haust.

Kva kan du tenkja deg å gjera for å spara meir straum?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

ANNONSE