System som ikkje taklar menneske må kort og greitt gjerast kål på.

Litt politikkspråk først: Er det en ting marknadsfundamentalisten og den sosialdemokratiske politikaren har til felles er det ei barnleg glede over fungerande system. Slik vi andre hadde det når vi bygde den perfekte Lego-borga, slik har dei det når dei legg siste k(o)loss på ein statleg struktur. Sjølvsagt er dei to, marknadsfundamentalisten og sosialdemokraten usamde om ein heil del. Den første vil ha nøytrale system. Slike som let marknaden operere som den vil. Flate skattar (alle betalar det same) nattvektarstatar (som berre grip inn når rikdommen til dei rike treng forsvar, og som aldri gjer noko med fattigdommen til den fattige) er dei beste døma på slikt.  Den andre vil helst ha aktive system. System som kan nyttast som politiske verkty for å nå eit mål. Ein gang i tida var desse måla arbeid til alle, utjamning av klasseskilje og andre saker som kunne dekkje over at sosialdemokratar med over halvparten av stortinget på si side, ikkje fekk seg til å avskaffe kapitalismen. No er målet som regel å nytte systema til effektivisere eller omstille Noreg, helst ved å tyne litt rest-arbeidsevne ut av uføre og gamle. Eller ved å rasjonalisere offentleg velferd, til dømes ved å tvinge sjukehusa til å oppføre seg som om dei var ein daglegvarebutikk.   

Så til litt sjølvsentrert politikksnakk: Har Sosialistisk Ungdom blitt anarkistar? Har vi fått venstre-populistisk munndiaré, og gått frå vett og forstand? “Nån jævla ordning” må det som den svenske vänsterpolitikaren sa, vere både i eit kommunistparti og i eit samfunn. Eg er ikkje mot system. Eg er tvert om for system; i rotet, på  kjøkkenet, i papirbunkar, kleshaugar, sokkeskuffer og DVD-hyller (det siste slit eg litt med). Eg er dessutan for system i helsevesenet, skolen, trygdene, og på uendeleg mange andre område i samfunnet. Eg er for offentleg planlegging, for industridepartement og på ein god dag er eg også for system i landets Sosialistiske Venstreparti.

Så til saka: Men eg byrjar bli grundig lei at venstresida liksom skal framstillast som forsvarar av all mulege system, system som til fanfarar og trommevirvlar knekk saman kvar gang dei møter eit menneske som lev i anna format enn A4. Menneske som ikkje oppfører seg som marknadsfundamentalistens økonomisk rasjonelle aktør, men som tvert om blir mindre effektive og produktive av stress, kronisk omstilling og meir hierarki. Menneske som har betre ting å bruke kvardagen på enn å vere konsument på leiting etter det beste tilbodet i straummarknaden, helsevesenet eller mellom teletilbydarane. Menneske som ikkje passar inn i Jens Stoltenbergs selektive høgtlesing frå Noregs lover, men som har snubla til å få venar, kjærestar og nettverk i det landet dei har budd i eit lite tiår. Menneske som er slitne, sjuke og trøtte etter 30 år i eit arbeidsliv der arbeidsdagen er like lang og kravet om effektivitet like stort som i 1918.

Eg yppar til systemkrig, og det på to frontar. For det første går eg til krig mot alle system som inneber flest muleg grunnleggande saker og fellesgoder, eine og åleine skal fordelast gjennom marknaden. Bustadmarknaden og energisektoren ligg lagleg til for hogg. For det andre vil eg til livs system som er organisert kring prinsipiell mistillit til vanlege menneske. Sjølvsagt finst det snyltarar, toskehovud og bandittar. Tilsyn og politi vert nok med oss heilt inn i sosialismen. Men system som tek utgangspunkt i at sjuke eigentleg er friske, at gamle eigentleg er unge, at offentleg tilsette eigentleg er late, og at vi alle brukar fritida vår på å klekke ut sinnrike planar for å lure, plyndre og snylte kvarandre og fellesskapet, slike system kan reise dit peparen gror, saman med dei overbetalte og sleske konsulentane som klekka dei ut (som om India ikkje hadde nok å stri med).

Om resultatet er at vi får eit helsevesen utan stoppeklokker, eit NAV utan tårer, ein straumsektor utan sparedusj, og ein statsminister utan hovudfag i sosialøkonomi, så lev vi med det.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

Kommentarar

ANNONSE