Skal løysa energiproblem

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal løysa energi- problem

I løpet av eit døgn skal dei 23 laga frå vidaregåande skular løysa eit utfordrande energioppdrag. Innleveringsfristen er fredag klokka 11.

– Nivået er høgt og me spår ein hard kamp om årets beste energiløsninger, seier avdelingsdirektør i Enova, Audhild Kvam i ei pressemelding.

Etter eit døgn hard jobbing avgjer juryen, med energiekspertar frå Enova, kven som er årets vinnar.

Energiutfordringar
– Ungdom er dei framtidige energibrukarane. Det er dei som skal utvikla den teknologien som skal til for å nå både nasjonale og globale mål innan energieffektivisering og fornybar energiproduksjon, seier avdelingsdirektør Energibruk i Enova, Audhild Kvam og held fram:

– Nyskaping og entreprenørskap er viktig med tanke på energiutfordringane i framtida og eg trur me får mange, spennande løysingar på årets oppdrag.

Kreative hovud
Det har vore stor oppslutninga om gründercampar med Enova som oppdragsgjevar dette skuleåret. Over 1.800 elevar har delteke på lokale gründercampar der elevane har løyst ulike oppdrag knyta til fornybar energi, energieffektivisering, ny energiteknologi, berekraft og klimautfordringar.

Finalistane som konkurrerer i Trondheim er vorte kåra til dei bestet i fylka sine.

– Dei som har kvalifisert seg til finalerunden har allereie bevist at dei både har konkurranseinstinkt og tør å tenkja utanfor boksen. Det er 111 kreative hovud som skal jobba på spreng, og då kan dei verkeleg spenstige idene oppstå, seier Trine I. Haugaard, koordinator for vidaregåande skular i Ungt Entreprenørskap Noreg.

Kor meiner du det er mogleg å spara mest energi i Noreg?