Feirar Garborg med Haugtussa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag er det premiere på meisterverket på hovudscenen på Rogaland Teater. Me følgjer synske Veslemøy på vegen frå ung jente til ung kvinne. Det storslagne diktverket får nytt liv i ein sceneversjon der dans og ny musikk understrekar kampen mot mørkemaktene.

Framsyninga byggjer på eit utval dikt som skildrar vegen hennar frå jente og ein del av fellesskapet, til å bli synsk og utelukka, å oppleva den første kjærleiken, det første sviket og til å gå gjennom kjærlighetssorg og bli ei vaksen ung kvinne. Det handlar om trongen til å vera ein del av eit fellesskap, det vera seg samfunn, familie eller parforhold, og den andre sida behovet for å vera eit individ, gjennom å vera seg sjølv.

Maria Dommersnes Ramvi (25) har hovudrolla i stykket, medan regissør er Sigrid S. Reibo.

– Det er ikkje opera, og ikkje ballett. Det liknar vel mest på eit syngjespel, seier Reibo om stykket til Jærbladet.

Faktaboks

Arne Garborg (25. januar 1851-14. januar 1924) var ein norsk forfattar, redaktør, omsetjar og målmann. Les meir om Arne Garborg!

Les meir om Haugtussa!