To av tre seier nei til EU
Også nei-fleirtal blant Høgre-folk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Sjokkmåling» kallar Sentio-direktør Arve Østgaard det siste EU-barometeret som Sentio har utarbeidd for Klassekampen og Nationen. Nei-sidan er oppe på oppslutninga til 65,9 prosent – den åttande månaden på rad på over 60 prosent.
Aldri før er det gjort svakare målingar for Ja-sida. Berre 22,5 prosent av dei spurde svarar at dei er tilhengarar av norsk EU-medlemskap. EU-motstanden er solid i alle folkegrupper. Sjølv blant Høgre-veljarar seier 57 prosent av dei spurde at dei ville røysta nei. Berre 33 prosent ville røysta ja.
Kva trur du er årsaka til at EU-motstanden er så stor i Noreg?