Nav vs. velferd

Stig Ove Ølmheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste norske studentar gjer som meg, har ein eller anna form for jobb ved sida av studia. Teori og livserfaring gjennom arbeid er sunt etter mi meining.  Ein ser at ikkje alt i læreboka er rett og nødvendigvis den beste løysinga.

Velferdssamfunnet Norge har hatt ein forrykande utvikling sidan krigsåra, og landet er blitt kåra av FN som verdas beste land å bu i. Men alt har ein bismak. Aldri før har velferdsbudsjettet vore større ein dei siste åra. Antall personar på uføretrygd og andre form for stønader veks stadig. Vi kan lesa om samfunn som har Nav kontoret som samlingsstad. Bygda Åmli i Aust-Agder er eit godt døme der 19,3 % av bygdas arbeidsstyrke er uføretrygda. Heilt uforståeleg for min del, korleis eit heilt samfunn kan gå i oppløysning. Tenk på alle dei ressursane som ikkje blir benytta. Alle individ kan bidra med noko i samfunnet, med fokus på tilrettelegging kunne mange av dagens trygda ha bidrege til samfunnets beste. Det er feil at ein må vera 100 prosent ute av arbeidslivet om ein har ein form for nedsett yting, og det er mange av dei som i dag er utanfor arbeidslivet som ynskjer tilbake. Dagens system legg ikkje godt nok til rette for dette.

Det er ikkje rart at unge i arbeidarbevegelsen tek til orde for auka skattar og avgifter, med deira bruk av trygdekroner. Nav består i dag av 14000 ansatte i staten og 4000 i kommunane, det vil sei at heile 18000 personar skal ha sitt daglege arbeid i tilknytting dei uføre og arbeidsledige. Dei fleste oppegåande i samfunnet har fått med seg at etaten har ikkje akkurat er effektiv. No er forholda i etaten så uakseptable at dei tilsette blir sjuke av omstillingsproblema. Dette gjer at arbeidsledige no må gå enda lenger før dei igjen kan ta fatt på nytt arbeid. Heile 300 milliardar kroner disponerer etaten, det er heile ein 1/3 av statsbudsjettet.

Stakkars Joakim Lystad som fekk jobben som Nav direktør i haust. Det har vore ein omfattande prosess svara statsråd Hanne Bjurstrøm, kanskje fordi ingen ville ha jobben?