Nokon betre enn Senterungdommen i Lavangen?

mm

Ved sist val steig snittalderen på kommunestyrerepresentantane i Noreg, og er no på over 51 år. I Lavangen kan trenden snu. Ni av tjue kandidatar på Lavangen Senterparti si valliste er under 30 år. På andreplass er nestleiar i Senterungdommen, Sandra Borch (22).

– Eg er ufatteleg stolt over å representera så mange ungdommar, seier ho.

Ungdomstiltak
Senterpartiet er i opposisjon til Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti i Lanvangen. Sandra Borch meiner det er politikken til fleirtalspartia og manglande ungdomstiltak som gjer at så mange ungdommar engasjerer seg i Lavangen. Totalt er dei 20 senterungdommar i kommunen.

LES OGSÅ: Ungdom: – Lokalpolitikarar veit lite om oss

På spørsmål om kva ungdomstiltak ho vil jobba for, seier ho:

– Programkomiteen held på å jobbe med arbeidet sitt, så er vanskeleg for meg å seie noko om kva vi blir samde om å satse på der. Men sakar eg håpar å få med er ein styrking av ungdomstilbod i kommunen, først og fremst i form av eit ungdomshus kor ein kan ha klubb.

Ungt entreprenørskap
I tillegg synest vi der er ein god ide å innføra Ungdommens kommunestyre, noko det har vore gjort i ei rekkje andre kommunar. Her får ungdom ein sum pengar som dei skal fordele på ei rekkje ungdomstiltak.

– Vidare er det jo å leggje til rette for ungt entreprenørskap, og at kommunen i større grad satsar på det i ungdomsskulen – noko som er viktig for framtidig næringsutvikling.

– Korleis vi har klart å få så mange på lista?

– Me har dei to siste åra fått eit særs aktiv lokallag i senterungdommen i Lavangen. Dei har fått tilbod å bli med på ei rekkje politiske arrangement, og det trur eg har vekt interessa deira.

FØLG SISTE NYTT FRÅ VALKAMPEN HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28
ANNONSE