IceMusic Festival 2011 er i gang

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spelte på langeleik av is for første gong

Det var perfekte forhold under opningskonserten av den sjette isfestivalen. Minus ti grader og måneklar stjernehimmel. Programmet torsdag var både effektfullt og effektivt. Eldsjelene Pål Knutsson Medhus og Terje Isungset opna det heile. Så kom Skarvebarna, Solfrid Nestegard Gjeldokk og brørne Ole og Knut Aastad Bråten. Folkemusikarane Aastad Bråten frå Valdres hadde verdspremiere på to langeleikar, laga av is.

Smelta undervegs
Utekonserten vart svært stemningsfull. Med snø og is på alle kantar vart det ei spektakulær isfjell-ramme på dei heile. Ole og Knut Aastad Bråten fortalde etter konserten korleis langeleiken fungerte.

– På nokon punkt smelta isen under fingrane, sjølv om det er ein heller kald oppleving dette her.

Langeleiken av is hadde ressonanskasse, noko større enn ein vanleg langeleik. Stemmeskruvane var frose fast i isen.

– Is-langeleiken har ein forsiktig klang. Lyden vart noko heilt eige, seier Knut.

Naturleg stemme
Saman med langeleiken sang Solfrid Nestegard Gjeldokk, både salmar og folketonar. Publikum sat på nåler. Nestegard Gjeldokk har ei naturleg og varm stemme, og ein flott måte å synge på. Det sjarmerande koret Skarvebarna var også med på nokre nummer.

Etter konserten kasta pressefolk seg over langeleiktvillingane. Blant anna eit team frå BBC Radio 4 ville ha greie på korleis det spektakulære instrumentet fungerte.

Er langsiktige
Det var ikkje så mange som hadde funne vegen til opningskonserten, mellom 50 og 60 tilhøyrarar. Truleg vil det dukke opp fleire dei andre dagane. For festivalplanane til Terje Isungset og Pål Knutsson Medhus er langsiktige.

– IS-festivalen er som nærbutikken. Vil du ha den må du bruke den, seier Terje Isungset. Han fortel korleis heile arrangementet no har ei bra organisering og ei god ramme.

– Men utan alle dei utanlandske frivillige som kjem at år etter, kunne me ikkje gjort det, seier Isungset.

Utømmeleg kjelde
Sjølv har han ansvaret for det kunstnariske ved festivalen. Han er full av tankar om korleis arrangementet kan vidareutvikle seg.

– Her har me alle mogelegheiter. Snø, is og vinter er ein fantastisk ressurs. Den er livsviktig for livet og jorda. Og ei uuttømmeleg kjelde til kunstnariske mogelegheiter.

Dessutan var Isungset glad arrangementet var flytta til botnstasjonen av heisen. Det gjorde arbeidet langt lettare.

Midnattskonsert
Fredag er det premiere på ein isgitar, i samspel med egyptisk sang, og med Terje Isungset på trommer.

Laurdag er det isskulpturshow med iskunstnar Bill Covitz. Om kvelden skal Terje Isungset gjera to konsertar. Fyrst ein åleine. Ved midnatt spelar han saman med Mari Kvien Brunvoll (vokal og is-langeleik) og hollendaren Bram Stadhouders på isgitar og elektronikk.

LES SAKA OG SJÅ FLEIRE BILETE I HALLINGDØLEN!