Vil knekkja trynefaktoren

Bergen Unge Høgre fekk gjennomslag for anonyme prøvar i ungdomsskulen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil knekkja tryne- faktoren

Fylkestinget i Hordaland har tidlegare vedteke at tre vidaregåande skular skal prøva ut anonyme heldagsprøver. Unge Høgre og Fremskrittspartiets Ungdom føreslår no det same i ungdomsskulen i Bergen. Fleirtalet i programkomiteen til Bergen Høyre har no sagt ja til å ta det med i valprogrammet.

– Dette er ikkje meint som ei mistillit til lærarane. Men det er ein grunn til at eksamenar blir levert anonymt. Det same bør skje med alle prøver som er viktige for endeleg karaktersetting, seier Peter Christian Frölich i Bergen Unge Høgre til Bergens Tidende. Han meiner "trynefaktoren" kan vera eit problem.

Trond Hofvind, leiar i seksjon grunnskule i Utdanningsforbundet Hordaland, støttar ikkje forslaget.

– Dette er ingen tillitserklæring til lærarane. I staden for å fokusera på spenningsforholdet mellom lærar og elev, bør dei gje oss tid til å setja oss ned saman og driva fagleg arbeid, seier han til Bergens Tidende.

Han meiner forslaget er som å ta bind for augo på lærarane. Frölich føreslår at prøvane kan vera anonyme når dei blir retta, men at læraren får vita kven som har svara i etterkant.

Synst du trynefaktoren har for mykje å seia i skulen? Del meininga di i kommentarfeltet!