Støttar Susanne Sundfør

Får kred for å takka nei til nominasjonen som Årets kvinnelege artist.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Raud Ungdom jublar over at Susanne Sundfør trekkjer seg frå spellemannprisen i protest mot kjønnsdelte kåringar av årets artist.

– Kva er dei redde for, at Susanne Sundfør skal slå Odd Nordstoga? seier leiar i Raud Ungdom, Iver Aastebøl til ungdomspartiet sine heimesider.

– Det er tøft av Susanne Sundfør å trekkje seg, med dette er ho i ferd med å bli musikken sin Anette Sagen. Å dele ut kjønnsdelte musikkprisar er gammaldags og meiningslaust. Dette er eigenleg ein fillesak med ei enkel løysing: dei kjønnsdelte prisane må slåast saman til ein felles pris for begge kjønn. Viss ikkje blir utdelinga ein vits. Utan Susanne Sundfør blant dei nominerte til årets artist blir Spellemannprisen berre ei pinleg påminning på at dei heng fast i fortida, seier Aastebøl.

LES OGSÅ: Stemma til Susanne

Susanne Sundfør får òg støtte frå mange andre på twitter Bjørn Eidsvåg skriv: «Full respekt for Susanne Sundfør sin konsekvente holdning til at kunst skal vurderes kjønnsuavhengig».

Då ho vann prisen i 2007 kvitterte ho med denne takketalen:

«Eg er først og fremst artist — og ikkje først og fremst kvinne».

Kva meiner du? Er det på tide å kutta ut kjønnsdelte prisar i kulturen?