Meir skatt? Nei takk!

Peder Sjo Slettebø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste analysen frå Norsk Monitor syner at eit fleirtal (58%) av ungdom mellom 15 og 26 år meiner det er viktig å oppretthalde eit høgt skattenivå for å sikre offentlege velferdsoppgåver. Heldigvis vert ikkje enkeltsaker i politikken avgjort av enkeltståande målingar, for høgare skattar er motsett av det Noreg treng for å oppretthalde gode velferdstenester. Me treng derimot ein større debatt om kva velferd eigentleg er, og me treng ein debatt om kva løysingar me skal velge for å få mest mogleg ut av kvar enkelt skattekrone. Det er heller ikkje nokon motsetnad mellom velferd og skattekutt slik dei raudgrøne hevdar, men det skal eg komme attende til.

AUF og SU er sjølvsagt glad for at ei meiningsmåling for ein gong skuld viser at nokon er enige med dei; men det er viktig å ikkje legge for stor vekt på éi enkelt måling. Dei færraste mellom 15 og 26 år har betalt noko særleg med skatt, og dei færraste har stifta familie og fått kjenne på kroppen kor vanskeleg det kan vera å få endane til å møtast. For mange heilt vanlege barnefamiliar er skattekutt eit velferdstiltak i seg sjølv, fordi økonomisk tryggleik for den enkelte familie faktisk også er velferd. Det er også godt mogleg at haldningane til skatt vil endre seg hos dei 58 prosenta etter kvart som fleire av dei faktisk må betale skatt, rekningar og renter i langt større grad. Eg er difor ikkje uroa for at høgresida er i motvind hos den kommande generasjonen når det kjem til synet på skattar og avgifter.

Ofte kan me høyre statsminister Jens Stoltenberg og andre representantar frå den raudgrøne leiren hevde at "éi krone i skattelette er éi krone mindre til velferd". Stoltenberg har studert samfunnsøkonomi og fått gode karakterar, og veit svært godt at det ikkje stemmer. Størsteparten av den krona staten eventuelt går glipp av i form av skattelette, kjem nemleg attende til statskassa via andre kanalar. Lågare skattar fører til auka kjøpekraft; auka kjøpekraft fører til vekst i økonomien, fleire arbeidsplassar og så vidare. Høgare skattar enn me allereie har i dag, vil vera kvelande for mange; og bidra til det motsette av vekst i økonomien.

Den største utfordringa det norske samfunnet står ovanfor reint samfunnsøkonomisk sett, er at me vert stadig færre arbeidstakarar per pensjonist. Det vert stadig færre yrkesaktive til å betale dei skattane som skal til for å finansiere pensjon, sjukeheimsplassar og alle andre offentlege velferdsoppgåver. Eit innlysande svar på dette er å få fleire i arbeid, og fleire til å dele på skatterekninga. Det er også ganske innlysande at det vil vera ein fordel å få fleire av dei som allereie jobbar til å jobbe enno meir, men det er ingen som er interessert i det dersom det du tener ekstra likevel forsvinn i auka skatt.

Eit anna svar på galopperande velferdsutgifter er å organisere velferdstenestene på ein betre måte. For eksempel bør me fjerne maksprisen i barnehagen, og heller ha ein barnehagepris som er tilpassa den enkelte familie si inntekt. Kvifor ein direktørfamilie med netto årsinntekt på halvannan million kroner skal betale det samme for barnehageplassen som ein snekkerfamilie med under halvparten i inntekt, har eg svært vanskeleg for å forstå. For å få ein bærekraftig velferdsstat må me vekk frå ideén om universelle velferdsgoder, og over til prinsippet om at den enkelte i større grad betalar for det ein faktisk brukar. Me veit også at det er store pengar å spare på å sette fleire oppgåver ut på anbod til private aktørar, og det viser seg gong på gong at tilbodet faktisk vert betre for innbyggarane.

Den største fella me kan gå i er å tru at me kan skatte oss til meir velferd. Pengane må hentast ein stad, og det er frå inntekta til folk som er i arbeid. Det er eit objektivt faktum at større økonomisk handlefridom for den enkelte fører til auka kjøpekraft, vekst i økonomien og fleire arbeidsplassar. Når høgare skattar utan tvil fører til det motsette, er det temmeleg opplagd at det er ei dårleg løysing.