Tom Nordlie vil ha gym kvar dag. Kva meiner du?

mm

Tidlegare Start- og Lillestrøm-trenar Tom Nordlie er tilbake som gymlærar etter ein 19 år lang pause. Han er ikkje imponert over den fysiske formen til elevane. No bed han styresmaktene om å ta grep:

– Det er ikkje utelukkande elevane og lærarane sitt ansvar. Med så få gymtimar ein har i dagens teknologiske verd, har ein i realiteten ikkje mykje høve til å påverka det fysiske forfallet. Gym bør på timeplanen – kvar einaste dag – på alle klassetrinn, seier han til Romerikes Blad.

– Mindre kanonball
Ein vanleg allmennfagelev har to timar gym i veka. Før 1994 hadde ein tre.

– Ein er nøydd til å trimma det viktigaste først, hjarte, lunger, rygg og mage. Det er for mykje kanonball, hjørnefotball og Haien kjem, seier Nordlie.

Fråfall i idrettslaga
Rett før jul kunne Framtida.no melda at talet på ungdommar som sluttar i idrettslag er aukande. Størst fråfall er det mellom 13 og 16 år, men fråfallet mellom 18- og 19-åringane aukar mest.

– Me synst dette er synd. Tala er eit varsku om at noko må gjerast, og me jobbar no med å motverka denne utviklinga, sa Anja Rynning Veum, utviklingssjef i Noregs Idrettforbund.

Ho støttar Tom Nordlie i forslaget om å få gym på timeplanen kvar einaste dag.

Kva meiner du? Bør ein ha meir gym i skulen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

Kommentarar

ANNONSE