Skal kutta i frivillig-byråkrati

No skal det bli lettare å driva frivillige organisasjonar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal kutta i frivillig- byråkrati

Kulturdepartementet har sett ned ei gruppe som skal forenkle samhandlinga mellom staten og barne- og ungdomsorganisasjonane.

– Ein siger for LNU og den sårbare barne- og ungdomsfrivilligheita, seier leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Bjarne Dæhli, til LNU.no. I november la han fram ein rapport som synte at det har blitt meir byråkrati i dei statlege støtteordningane dei siste åra, og at dette går hardast ut over barne- og ungdomsorganisasjonane. LNU etterlyste difor ei forenkling av regelverk og skjema.

Forenklingsgruppa skal levera forslaget sitt innan juni.