NHO si «velferdsfelle»

Fredric Holen Bjørdal
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NHO si «velferds- felle»

Det store temaet på NHO (Næringslivet sin hovudorganisasjon) sin årskonferanse for 2011 var velferd, og NHO meiner at Noreg er i ferd med å gå i ei «velferdsfelle». Dei peikar på utfordringar som fleire eldre, fleire utan arbeid og auka innvandring, noko som gjev større utgifter for staten samstundes med at olja etter kvart tek slutt. Dette gjer at NHO meiner at velferdsstaten ikkje er berekraftig på sikt, og må slankast.

Eg meiner dette i høg grad er skremselspropaganda frå NHO. Noreg har slett ikkje gått i ei «velferdsfelle», og har alle føresetnadar for å halde på og forbetre det gode velferdssystemet vi har i dag. Eit mykje brukt argument mot velferdssystemet vårt er at det ikkje vil vere berekraftig når olja tek slutt. Det er i beste fall ei misforståing. I Noreg lever vi ikkje av olje; vi lever av kvarandre sitt arbeid. Og sjeldan har det vore fleire i jobb enn det er i dag. Sidan Arbeidarpartiet og den raudgrøne regjeringa tok over, har vi hatt ein formidabel auke i sysselsetjinga; 250.000 fleire har kome i arbeid. For kvar nye i offentleg sektor har det blitt to nye i privat næringsliv, som blir illustrert av grafen til høgre.

Med fleire i arbeid aukar inntektene til staten, medan kostnadane blir reduserte. Med andre ord er det lite som er meir samfunnsøkonomisk enn å halde på den høge sysselsetjinga vi har i Noreg. Skal vi greie det, er vi nøydde til å ha eit arbeidsliv som tek i mot dei som ønskjer å jobbe, og der har NHO neglisjert si rolle. Arbeidsgjevarane, som NHO representerer, har også eit stort ansvar, saman med oss politikarar, for å sikre velferden i framtida. Og dette ansvaret meiner eg NHO ikkje tek innover seg, når dei sit på konferansen sin og klagar over alt som er dårleg med Noreg.

NHO kan ikkje forvente å bli tatt på alvor i velferdsspørsmålet når dei konsekvent unnlet å fokusere på dei problemstillingane der dei sjølve ikkje har gjort jobben sin, som til dømes når det gjeld sosial dumping. Velferdsstaten er avhengig av eit ryddig arbeidsliv, men slik det er i dag er det altfor mange arbeidsinnvandrarar som er mellombels tilsette, ikkje er organiserte, ikkje er tilknytt velferdssystemet eller betalar skatt. Nye undersøkingar frå FAFO syner at innafor byggjenæringa er det 23% som ikkje har arbeidskontrakt og ikkje betalar skatt. Innafor reinhaldsbransjen er det heile 53%. Mange av desse arbeider under dårlege kår, og er svært sårbare for å bli arbeidsledige og trygdemottakarar i dårlege tider.

TEMA: Les meir om samfunnsøkonomi!

Om vi går i ei «velferdsfelle» er til sjuande og sist avhengig av to ting: at vi har nok folk i arbeid, og at alle betalar skatt. Det store problemet er at NHO sin arbeidsgjevarpolitikk er nettopp den politikken som vil føre oss i ei slik felle. Dei fremjar ein politikk for fleire mellombelse tilsetjingar og eit arbeidsliv med mindre regulering, samtidig som dei ikkje tek utfordringa med sosial dumping på alvor. Eit meir brutalt arbeidsliv der fleire blir slitne og ender på trygd, og færre betalar skatt, vil gjere det mykje vanskelegare å sikre alle god velferd.

Arbeid til alle er den viktigaste føresetnaden for å sikre velferden i framtida, og for Arbeidarpartiet har det alltid vore jobb nummer ein. NHO bør kutte ned på klagekonferanser om alt som er galt i Noreg, og heller jobbe saman med myndigheitene og partane i arbeidslivet for å få fleire i jobb, redusere talet på mellombels tilsette, og syte for at arbeidsinnvandrarar har kontrakt og betalar skatt!

LES OGSÅ: Fleire unge fell utanfor