No kjem psykologisk førstehjelpsskrin

Psykologisk førstehjelpsskrin for barn og unge får solid drahjelp frå Helsedirektoratet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Satsar på psykologisk førstehjelp

No skal det kursast og forskast for 1,8 millionar kroner.

Denne veka vart det klart at Helsedirektoratet løyver 1,8 millionar kroner til Psykologisk Førstehjelp. Sjølvhjelpskrinet for barn og ungdom er laga av psykologspesialist Solfrid Raknes på Voss.

Forsking
– For meg som tykkjer det er kjempekjekt på arbeida med psykologisk førstehjelp, er dette ei gåvepakke, seier Solfrid Raknes med ein stor smil.

Pengane er øyremerka Psykologisk Førstehjelp, og går til RBUP Vest og RBUP Aust og Sør, som er Regionsenter for barn og unge si psykiske helse.

Regionsenteret driv forsking og undervisning, og skal det komande året samarbeida tett med psykologspesialist Raknes.

LES SAKA I HORDALAND!