Ungdom krev drastiske klimakutt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

58 prosent av ungdommane mellom 15 og 20 år svarar at situasjonen er alvorleg, og at det er nødvendig med drastiske strakstiltak om me skal løysa miljøproblema. I alderen 21-25 år er det 47 prosent som meiner det same.

Dette kjem fram av ein fersk analyse av Norsk Monitor, som nettopp er lagt fram for Barne-, likstillings- og diskrimineringsdepartementet.

– Avslører retorikken
– Dette trur eg viser at ungdom er misnøgde med at dei vaksne ikkje har gjennomført dei store tiltaka for å løysa klimakrisa. Ungdommen ser avgrunnen mellom retorikken til statsminister Jens Stoltenberg og dei manglande nødvendige tiltaka, seier leiar i Natur og Ungdom, Ola Skaalvik Elvevold.

Ni prosent av dei mellom 15 og 20 år, og 13 prosent av dei mellom 21 og 25 år meiner det er lett å overdriva miljøproblema. Denne gruppa har også blitt større sidan førre måling. Tre prosent av alle ungdommane meiner jorda nærmar seg ein katastrofe det er for seint å gjera noko med.

Mest uroa for utdøyande artar
Av aktuelle miljøtruslar, er det utdøying av dyre- og planteartar som flest ungdommar er uroa for. 41 prosent av ungdom mellom 15 og 20 år er veldig uroa for dette. Ein tredjedel av ungdom mellom 21 og 26 er veldig uroa for dette.

Drivhuseffekt og klimaendringar er ein fjerdedel av ungdom mellom 15 og 20 år veldig uroa for. Dette er færre enn i 2007, men likevel høgare enn nokon gong sidan 1995.

Ozonlaget og sur nedbør er det færre ungdommar som er uroa for no enn på 90-talet.

– Ungdom ser at dette er problem me er i ferd med å løysa, kommenterer NU-leiaren.